Estonian Air er det nasjonale flyselskapet i Estland. Selskapet har base i Tallinn. Flyselskapet driv rutetrafikk og chartertrafikk mellom Tallinn og mange byar i Europa.

Eit fly frå Estonian Air

Flyselskapet vart etablert av den estiske staten 1. desember 1991, kort tid etter at Estland vart sjølvstendig. Selskapet vart starta på restane av den estiske avdelinga av Aeroflot. I 1996 vart selskapet delvis privatisert. I dag er selskapet eigd av SAS (49 %), den estiske staten (34 %) og Cresco (17 %). I januar 2005 hadde selskapet 302 tilsette.

Estonian Air baserte seg i byrjinga på russiske fly som Aeroflot hadde brukt. I 1995 leigde selskapet inn to Boeing 737-fly, og i 1996 to Fokker 50-fly. Sidan då har selskapet berre brukt vestlegbygde fly. I mars 2006 hadde Estonian Air ein flåte på 5 Boeing 737-500-fly.

Bakgrunnsstoff endre