Ein etat er ein del av ei offentleg forvalting, eit forvaltingsorgan, med ansvar innan eit avgrensa område. Etatar blir leia av tenestemenn og ikkje politikarar og kan bli kalla direktorat, vesen, verk, tilsyn, styre, forvalting, råd eller teneste.

Stortinget har fire underliggande etatar som ein del av sin overordna kontroll- og tilsynsverksemd: Riksrevisjonen, Ombodsmannen for Forsvaret, Sivilombodsmannen og EOS-utvalet.

Statlege etatar endre

Ein slik «ytre» etat er eit utførande og rådgjevande organ som opptrer på vegne av det departementet som det er underlagt. Dette departementet er også ankeorgan for vedtak som er fatta av det underliggande organet. Den ytre etaten er slik sett forvaltinga si spesialisteining. Det overordna departementet skal då sjå til at spesialistane opptrer innanfor gjeldande politiske rammer. Slik sett blir til sjuande og sist statsråden for det overliggande departementet politisk ansvarleg for det arbeid som blir utført i den ytre etaten.

Kommunale etater endre

Også større kommunar og fylkeskommuner blir ofte organisert i etatar, f. eks. etat for friluftsliv eller bygg og vedlikehald.