Ethnologue: Languages of the World er ein katalog over språk som vert gjeven ut i papirform og på Internett av SIL International.

Ethnologue inneheld i den 15. utgåva si (2005) statistikk for 6912 språk, ein auke frå 6809 i 14. utgåve (2000). Blant informasjonen ein finn er kor mange menneske som snakkar språket, kor det blir snakk, dialektar, tilhøve til andre språk, om Bibelen finst på språket og anna. Ethnologue blir rekna som det meste omfattande oversynet over språk som finst.

I 1984 tok Ethnologue i bruk SIL-kodar, trebokstavskodar for alle språk. Kodesettet omfatta langt fleire språk enn andre standardar, som ISO 639-1 og RFC 3066. I den 14. utgåva var det heile 7148 SIL-kodar som ikkje stemte overeins med ISO 639-2-kodene. Dette avviket vart sett som negativt, og i 2002 vart Ethnologue invitert til å arbeide saman med ISO for å lage ein ny, felles standard. Denne standarden, ISO 639-3, vart tekne i bruk frå 15. utgåve, og omfattar 7299 kodar. Prinsippet for samanslåinga var at der språket hadde ein ISO-639-2-kode vart den overført til 639-3, mens språka utan 639-2-kode heldt på SIL-koden sin. Resultatet er at ISO-639-3 no omfattar alle språka i verda.

Ehtnologue vert både rost og kritisert. Utover kor omfattande verket er, har det særleg vorte rost for å ta med ei rekkje alternative namn på språk, som namnet talarane sjølv bruker, det offisielle namnet på språket og kva andre kallar det. Kritikken går mellom anna på klassifiseringa av semittiske språk, der einskilde hevdar at SIL Internationals kristne grunnhaldning har ført til galne klassifiseringar av religiøse eller ideologiske årsaker.

Det er òg funne mange feil i Ethnologue; blant anna vart fleire språk som var med i 14. utgåve fjerna i den 15., sidan dei ikkje eksisterte. Det skjer eit kontinuerleg arbeid med korrigering og oppdatering med tanke på neste utgåve. Ein del av informasjonen, spesielt i tilhøve til små språk, er òg utdatert; dette er i mange tilfelle (som i Noreg) fordi det er umogleg å få informasjon fordi landa språket blir snakka i ikkje har folketeljingar eller ikkje spør om språk i folketeljingane sine.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre