Denne artikkelen handlar om vulkanen Etna. For den norske elva med same namn, sjå elva Etna.

Etna (òg kalla Mongibeddusiciliansk og Mongibelloitaliensk) er ein aktiv vulkan på austkysten av Sicilia, nær Messina og Catania i Italia. Det er den største aktive vulkanen i Europa med ei høgd på 3 357 meter over havet.[1] Det er òg det høgaste fjellet i Italia sør for Alpane. Etna dekkjer eit areal på 1 190 km² og har ein omkrins på 140 km ved foten. Han er dermed den klart største av dei tre aktive vulkanane i Italia, og er nesten tre gonger så høg som den nest største, Vesuv.

Etna
fjell
Etna sett frå lufta
Land  Italia
Område Sicilia
Fjelltype Stratovulkan
Høgd 3 357 moh.
Primærfaktor 3 357 m
Bergartar frå 500 000 år
Siste utbrot 2008
Lettast tilkomst Klatring
Koordinatar 37°45.304′N 14°59.715′E / 37.755067°N 14.995250°E / 37.755067; 14.995250
Kart
Etna
37°45′03″N 14°59′36″E / 37.750834514818°N 14.993220288812°E / 37.750834514818; 14.993220288812
Wikimedia Commons: Mount Etna

Etna er ein av dei mest aktive vulkanane i verda og er nesten konstant i utbrot. Sjølv om utbrota stundom kan vere svært øydeleggjande vert han ikkje rekna som særleg farleg og tusenvis av menneske bur i fjellsida og i omlandet. Det rike vulkanske jordsmonnet gjev opphav til omfattande jordbruk med vingardar og frukthagar spreidd over dei nedre fjellsidene og den breie Cataniasletta i sør. På grunn av den hyppige aktiviteten og busetnadane rundt fjellet vert Etna rekna som ein av seksten dekadevulkanar av Dei sameinte nasjonane.

Namn og segn endre

 
Eit krater nær Torre del Filosofo, om lag 450 meter under toppen av Etna.

Etna vart i romartida kalla Aetna, eit namn som anten kom frå det greske ordet aitho («å brenne kraftig») eller det fønikiske ordet attano. Fleire mytologiske figurar vart tilbedd på fjellet med det ståande tilnamnet Aetnaeus. Arabarane kalla fjellet Gibel Utlamat («Eldfjellet»), som seinare vart forvrengt til Mons Gibel (som bokstavleg tyder «Fjellfjellet»). Dette ser ut til å ha utvikla seg vidare til det noverande lokale namnet på Etna, som er Mongibello/Mongibeddu og påverka av det italienske ordet bello, som tyder «vakker» (beddu på siciliansk).

Geologisk historie endre

 
Hus øydelagd av lava i fjellsida til Etna.

Den vulkanske aktiviteten til Etna byrja for om lag ein halv million år sidan med utbrot under sjøen utanfor kysten av Sicilia. For 300 000 år sidan oppstod det vulkansk aktivitet sørvest for det som i dag er toppen, før aktiviteten flytta seg mot det noverande senteret for om lag 170 000 år sidan. Utbrota på denne tida danna ein stratovulkan med både eksplosive og utstraumande utbrot. Veksten av fjellet vart stundom avbrote av store utbrot som førte til at toppen kollapsa i ein kaldera.

Frå om lag 35 000 til 15 000 år sidan hadde Etna kraftige, eksplosive utbrot, som førte til store pyroklastiske straumar som etterlet seg mykje ignimbritt. Oske frå desse utbrota er funne så langt borte som i Roma, 800 km mot nord.

For tusenvis av år sidan kollapsa store delar av austsida av fjellet, noko som førte til eit enormt jordras liknande det ein såg etter Mount St. Helens-utbrotet i 1980. Jordraset førte til eit stort søkk i sida på vulkanen, kalla 'Valle del Bove' («Oksedalen»). Forsking har vist at dette kan ha skjedd rundt år 6000 f.Kr. og skapt ein enorm tsunami som sette sine spor aust i Middelhavet. Det kan ha vore årsaka til at busetnadar som Atlit Yam (Israel), som i dag er over havnivå, brått vart fråflytta på denne tida.[2] Dei bratte veggane i dalen har kollapsa ved fleire høve i tida etter. Lagdelinga av veggane i dalen har derimot gjeve viktig og lett tilgjengeleg informasjon om den geologiske historia til Etna.

 
Etna og Rocca di Salvatesta, Peloritani

Siste gong toppen av Etna kollapsa var truleg rundt 2000 år sidan, som danna det som vert kalla Piano Caldera. Denne kalderaen har vorte nesten heilt fylt opp av fleire lavautbrot, men er framleis synleg som eit brot i fjellsida nær foten av den noverande kjegla på toppen.

Utbrot endre

1669-utbrotet endre

 
Teikning som viser effektane til utbrotet i 1699.

Dei siste 2000 åra har Etna stort sett hatt utstrøymande utbrot med eit og anna eksplosivt utbrot frå toppen. Det mest øydeleggjande utbrotet i denne perioden skjedde i mars 1699 då om lag 830 millionar kubikkmeter med lava vart kasta ut. To månadar før utbrotet oppstod det eit kraftig jordskjelv med senter på sørsida av fjellet, som etter kvart førte til at dei fleste innbyggjarane der flytta bort. 11. mars opna det seg ei 9 km lang sprekk på sørsida av fjellet, som strekte seg frå ei høgd på 2 800 meter ned til 1 200 meter. Aktiviteten spreidde seg nedover fjellsida og den største ventilen opna seg til slutt nær byen Nicolosi. Sinderkjegla som bygde seg opp her vart kalla Monti Rossi («Raudefjellet») og er framleis godt synleg i dag.

Nicolosi vart raskt øydelagd av lavastraumar og to nærliggande landsbyar vart òg øydelagd den første dagen av utbrotet. Utbrotet var svært omfangsrikt og fire ytterlegare landsbyar vart øydelagd dei neste tre dagane då lavaen rann sørover. Seint i mars var to større byar øydelagd og lavaen nådde utkanten av Catania tidleg i april.

Først dynga lavaen seg saman opp mot bymuren, som var sterk nok til å motstå trykket frå straumen. Sjølv om byen var mellombels verna, rann lava ned i hamna og fylte ho att. 30. april rann til slutt lavaen over bymuren, som så gav etter. Innbyggjarane bygde murar over dei store vegane for å stoppe lavastraumen, noko som var ganske effektivt, men ikkje noko til å hindre vestsida av byen å verte øydelagd.

Under utbrotet prøvde innbyggjarane å leie straumen i ein annan retning mykje lenger oppe. I følgje ei soge som kanskje ikkje er sann skal dei ha vorte møtt av væpna innbyggjarar av andre byar som var truga av straumen om han skifta retning. Uansett om soga er sann eller ikkje vart det vedtatt ei lov som forbaud kunstig avleiing av lavastraumar. Denne lova vart først oppheva i 1983.

Nyare utbrot endre

 
Etna sitt utbrot i 2002 sett frå Den internasjonale romstasjonen
 
Etna sitt utbrot i 2002
 
Utbrot frå søraustkrateret til Etna i 2006.

Ein annan svært stor lavastruam frå eit utbrot i 1928 førte til den første og einaste øydelegginga av ein by sidan utbrotet i 1669. Denne gongen vart Mascali fjerna frå jorda på berre to dagar og alle bygningane vart øydelagd. Hendinga vart nytta av Mussolini sitt fascistregime som propaganda, der evakuering, hjelp og nybygging vart presentert som ein modell for fascistisk planlegging. Mascali vart bygd opp att på ein ny stad og kyrkjene inneheld det italienske fascistsymbolet av ein fakkel plassert over statuen av Jesus.

Andre store utbrot skjedde i 1949, 1971, 1981, 1983, 1991-1993 og 2001. Utbrotet i 1971 gravla Etnaobservatoriet (bygd seint på 1800-talet), øydela den første kabelvogna og truga fleire mindre landsbyar på austsida. I mars 1981 klarte byen Randazzo på nordvestsida så vidt å sleppe unna ein uvanleg rask lavastraum. I 1992 vart Zafferana trua av ein lavastraum. Eit forsøk på å leie bort straumen av amerikanske styresmakter fungerte ikkje og byen mista fleire heimar og bygningar.

I 2002-2003 førte ei rekkje av dei største utbrota på fleire år til store oskeskyer som ein kunne sjå frå rommet og så langt borte som i Libya, 600 km mot sør. Seismisk aktivitet rundt utbrotet førte til at austsida av fjellet heva seg to meter og mange bygningar her vart øydelagd. Utbrotet øydela òg turiststasjonen Piano Provenzana på nordaustsida av vulkanen og delar av turistasjonen Rifugio Sapienza på sørsida. Bilete frå utbrotet vart tatt opp av Lucasfilm og nytta som ein del av landskapet på planeten Mustafar i filmen Star Wars Episode III: Revenge of the Sith frå 2005.

 
Etna sitt utbrot i september 2007.

Etter ein heller roleg periode rann det lava ned søraustsida av vulkanen i september 2004 og mars 2005, medan ein hadde meir intense utbrot frå søraustkrateret i juli-desember 2006. Det nyaste utbrotet oppstod i midten av august 2007 med oske og stromboliske eksplosjonar frå ein ventil på austsida av søraustkrateret.

4. september 2007 hadde Etna eit kraftig utbrot rundt kl. 08 lokal tid og lava vart kasta 400 meter opp i lufta. I lag med kraftig vind vart oske og røyk spreidd til byane nedanfor.

Kjelder endre

Fotnotar endre

Bakgrunnsstoff endre