Etne Sparebank har ei lang historie. Planen for Etne Sparebank vart stadfesta ved kgl. res. 18.april 1860. Banken feira 150 års jubileum i 2010. I 1860 vart det valt inn bønder frå dei ulike sokn i Etne til styret. Ein skulelærar/klokkar vart tilsett som kasserar. Etter kvart fekk banken vera med på å gjera det lettare for næringslivet og dermed skape framgang i bygda. Banken har på svært mange måtar vore ein viktig del av historia til Etne og alle som har budd og som bur der.

Etne Sparebank
Org.formSparebank
Org.nr.937 897 464
BransjeFinans
Skipa18. april 1860
HovudkontorEtne, Noreg
LandNoreg
ProduktBank, sparing, forsikring
StyreleiarTollef Rullestad
Adm.dir.Rune Ramsvik
Tilsette18
Nettstadhttps://etne-sparebank.no (norsk)

Eit av føremåla til banken er å gi ålmennyttige gåver. Først og fremst gjennom direkte kronebidrag til ulike lag og forreningar i kommunen.

Etne Sparebank har alltid vore ein sjølvstendig bank. I strategiplanen til banken står det: ”Etne Sparebank skal vera ein solid, stabil og konkurransedyktig medspelar i lokalsamfunnet”