Etnedal kommune

kommune i Innlandet

Etnedal kommune er ein kommune i Innlandet fylke. Han grensar i nord og vest til Nord-Aurdal, i sør til Sør-Aurdal og i aust til Nordre Land. Kommunen ligg omkring det øvre utløpet av elva Etna og er tradisjonelt rekna til landskapet Valdres.

Etnedal kommune
kommune
Kommunevåpen
Land  Noreg
Fylke Innlandet
Adm.senter Bruflat
Areal 459 km²
 - land 445 km²
 - vatn 14 km²
Folketal 1 366  (1. januar 2024)
Målform nøytral
Ordførar Linda Mæhlum Robøle (Sp)
Kommunenr. 3450
Kart
Etnedal
60°58′02″N 9°39′13″E / 60.967222222222°N 9.6536111111111°E / 60.967222222222; 9.6536111111111
Wikimedia Commons: Etnedal
Nettstad: www.etnedal.kommune.no

Etnedal kommune vart oppretta i 1894 då Bruflat sokn vart skilt ut frå Sør-Aurdal og Nord-Etnedal sokn vart skilt ut frå Nord-Aurdal. Kommunevåpenet vart godkjend i 1989 og har ei gull kvelvingsbru mot ein blå bakgrunn. Motivet symboliserer Lunde bru.[1]

Geografi og næringsliv endre

 
Spåtind

Elva Etna renn frå innsjøen Steinsetfjorden vest i kommunen, forbi Bruflat, før ho passerer Lunde bru, Høljarast bru og helleristingane ved Møllerstufossen og renn ut i Randsfjorden. Elva er ikkje regulert.

I Etnedal kommune er det høgtliggande område mot Valdres i vest. I nord og aust er det eit meir ope fjellviddelandskap, der det høgste punktet er Spåtind (1414 moh.) på grensa til Nordre Land.[2]

Etnedal kommune har ingen tettstader og busetnaden er spreitt. Busetnaden i kommunen følgjer dei fruktbare områda langsetter dalføra. Administrasjonssenteret ligg på Bruflat. Her er det laga ein park ved omsorgsbustadene, og ein ønskjer å etablere eit lite bygdetun her med gamle hus for aktivitetar.

Hovudnæringane i kommunen er husdyrhald og skogbruk, men det er også aktivitet innanfor industri og turisme.

Ting å sjå endre

 
Lunde Bru
  • Lunde bru, som er motivet på kommunevåpenet. Brua er den lengste steinkvelvsbrua i Nord-Europa, og blei bygd i 1829 som ein del av den gamle kongevegen til Bergen. I 1992 blei ein del av denne vegen pussa opp og er nå i bruk som naturstig og turveg.
  • Høljarast bru, krigsminnesmerke.

Kjelder endre

  1. «Kommunevåpenet – bru i blått». Etnedal kommune. Henta 10. januar 2014. 
  2. «Etnedal». Store Norske Leksikon. Henta 10. januar 2014. 

Bakgrunnsstoff endre