Ettingshauseneffekt

Ettingshauseneffekt er eit termoelektrisk (eller termomagnetisk) fenomen som påverkar den elektriske straumen i ein leiar når han ligg i eit magnetfelt.[1] Fenomenet vart oppdaga av den tyske fysikaren og matematikaren Albert von Ettingshausen i 1887.

Fenomenet er analogt til halleffekten og fører til at ein tynn metallstrimmel som det går straum gjennom når han ligg i eit magnetfelt, får forskjellig temperatur over strimmelen.

Kjelder endre