Eugenio Montale

italiensk skribent og poet

Eugenio Montale (fødd 12. oktober 1896 i Genova, daud 12. september 1981 i Milano) var ein italiensk forfattar. Han fekk i 1975 Nobelprisen i litteratur «för hans särpräglade diktning som med stor konstnärlig känslighet tolkat humana värden i tecknet av en illusionsfri livssyn.»[1][2]

Eugenio Montale

Statsborgarskap Italia, Kongedømet Italia
Fødd 12. oktober 1896
Genova
Død

12. september 1981 (84 år)
Milano

Yrke lyrikar, journalist, omsetjar, politikar, bibliotekar, prosaforfatter, redaktør, musikkritikar, litteraturkritikar
Språk italiensk
Politisk parti Partito Repubblicano Italiano
Far Domenico Montale
Mor Giuseppina Ricci
Ektefelle Drusilla Tanzi
Signatur
Eugenio Montale på Commons


Liv endre

Montale var den yngste av dei seks barna til ein forretningsdrivande frå Genova. I 1917 blei han innkalla til krigsteneste og opplevde det siste krigsåret ved fronten i Sør-Tirol. Etter krigen budde han i Genova og byrja interessere seg for litteratur. Han blei kjend med forfattarar og kritikarar og var i 1922 med på å grunnlegge tidsskriftet Primo tempo.

Allereie den første boka hans Ossi di seppia (1925) gjorde han til ein kjend forfattar. I 1927 flytta han til Firenze og i 1929 blei han spurd om å leie det kjende biblioteket Gabinetto Vieusseux. Denne posten mista han i 1938 av di han nekta å gå inn i fascistpartiet. Året etter gav han ut si andre og kanskje beste diktsamling, Le occasioni. Den tredje, La bufera e altro, kom i 1956 og i 1971 gav han ut diktsamlinga Satura. I dikta sine skildrar han ofte landskap i Liguria.

Montale skreiv ganske få verk, fire korte lyrikksamlingar, ein quaderno («læreverk») i omsetting av poesi, fleire bøker om prosaomsetting, to bøker om litteraturkritikk og ei om prosa. Han arbeidde for florentinske aviser og frå 1948 for Corriere della Sera i Milano.

Verk endre

  • 1925 - Ossi di seppia (om lag «Blekksprutknoklar»). Andre utgåve med seks nye dikt og innleiing av Alfredo Gargiulo i 1928. Tredje utgåve i 1931[3]
  • 1939 - Le Occasioni (om lag «Tilfella»)
  • 1943 - Finisterre
  • 1956 - La bufera e altro (om lag «Stormen og andre ting»)
  • 1956 - Farfalla di Dinard.
  • 1971 - Satura
  • 1973 - Diario del '71 e '72

På norsk endre

  • 1976 - Sommerfugl i Dinard Oslo, Aschehoug Fontene, omsett av Sigrid Omland Hansteen. ISBN 82-03-07823-0. Original: Farfalla di Dinard (1956)
  • 1995 - Annerledes, Oslo, Oktober, 93 s. Utval og omdikting ved Heidi Bonde og Rune Christiansen. ISBN 82-7094-742-3, ib., 82-525-2869-4, ebok

Litteratur endre

  • Winfried Wehle: Hüterin der Übergänge. Leben im Medium der Sprache: über Montales Lyrik. I: Kirsten Hagen, Claudia Hoffmann (red.): Intermedia. Eine Festschrift zu Ehren von Franz-Josef Albersmeier. Romanistischer Verlag, Bonn 2007, ISBN 978-3-86143-180-0, S. 195–207 (Abhandlungen zur Sprache und Literatur 171), online (PDF; 44 KB).
  • Pietro Montorfani: „Il mio sogno di te non è finito“. Ipotesi di speranza nell'universo montaliano. I: Sacra doctrina. 55, 2010, ZDB-id 302215-8[daud lenkje], s. 185-196.

Referansar endre

  1. "for his distinctive poetry which, with great artistic sensitivity, has interpreted human values under the sign of an outlook on life with no illusions".
  2. Nobeltildelinga 1975 på nobelprize.org
  3. Eugenio Montale, Collected Poems 1920-1954, omsett og redigert av Jonathan Galassi, New York: Farrar, Strauss and Giroux, 1998, ISBN 0374125546

Bakgrunnsstoff endre