Eurovision Song Contest 1958

Eurovision Song Contest 1958 (ESC 1958) var den tredje gongen Eurovision Song Contest vart arrangert. Tevlinga vart halden i AVRO Studios i Hilversum i Nederland. Finalen fann stad onsdag 12. mars. Frankrike vann tevlinga med songen «Dors, mon amour», sunge av André Claveau.

Eurovision Song Contest 1958
Dato
Vertskap
Stad
AVRO Studios
EuroPaíses Bajos.svg Hilversum i Nederland
Programleiar(ar)
Hannie Lips
Dirigent
Dolf van der Linden
Kringkastar(ar)
Det nederlandske flagget NTS
Varigskap
Opningsnummer
Pausenummer
Finalen Metropole Orkest
Bidrag
Debuterte
Flagget til Sverige Sverige
Trekte seg
Det britiske flagget Storbritannia
Kart
ESC 1958 Map.svg
██ Land som deltok i tevlinga

██ Land som ikkje deltok i tevlinga

Røysting
Eurovision Song Contest
Eurovision Song Contest 1957 Eurovision Song Contest 1959

Tevlinga vart for fyrste gong arrangert av landet som vann året før, ein tradisjon som er vorte halden i hevd sidan. Røystinga gjekk føre seg på same måte som året før: Alle deltakarlanda hadde ein jury med ti medlemmar kvar, der kvart medlem gav eit poeng til den songen han eller ho likte best. Juryen var basert i heimlandet og vart kontakta via telefon. Sjølv om «Nel blu dipinto di blu», sungen av Domenico Modugno for Italia, berre enda på tredjeplass, vart han ein internasjonal bestseljar, kanskje best kjend under namnet «Volare». Songen låg mellom anna på fyrsteplass på den amerikanske Billboard-lista og vart løna med tre Grammy-prisar.

Sverige deltok i tevlinga for fyrste gong med ei av sine største stjerner på den tida, Alice Babs. Storbritannia trekte seg frå tevlinga slik at det var ti deltakarar, akkurat som i 1957. Eurovision Song Contest 1956 og Eurovision Song Contest 1958 er dei einaste tevlingane der det ikkje har vorte sunge nokon bidrag på engelsk.

Bidraga endre

Finale endre

  • Finalen vart halden den 12. mars i AVRO Studios.
  • Frankrike vann tevlinga for fyrste gong.
  • Italia framførte sin låt to gongar på grunn av tekniske problem. Problemet førte til fyrste bruken av skiltet på fjernsynsskjermen der det står «Brot på biletsambandet med utlandet».
  • Nederland og Luxembourg enda på ein delt niandeplass.
# Land Artist Song Språk Poeng Plass
01   Italia Domenico Modugno «Nel blu dipinto di blu» Italiensk 013 03
02   Nederland Corry Brokken «Heel de wereld» Nederlandsk 001 09
03   Frankrike André Claveau «Dors, mon amour» Fransk 027 01
04   Luxembourg Solange Berry «Un grand amour» Fransk 001 09
05   Sverige Alice Babs «Lilla stjärna» Svensk 010 04
06   Danmark Raquel Rastenni «Jeg rev et blad ud af min dagbog» Dansk 003 08
07   Belgia Fud Leclerc «Ma petite chatte» Fransk 008 05
08   Vest-Tyskland Margot Hielscher «Für zwei Groschen Musik» Tysk 005 07
09   Austerrike Liane Augustin «Die ganze Welt braucht Liebe» Tysk 008 05
10   Sveits Lys Assia «Giorgio» Tysk 024 02

Artistar som har delteke tidlegare endre

Artist Land Tidlegare år
  Fud Leclerc   Belgia 1956
  Margot Hielscher   Vest-Tyskland 1957
  Corry Brokken   Nederland 1956 og 1957 (vinnar)
  Lys Assia   Sveits 1956 (vinnar) og 1957

Det var den fyrste gongen at to tidlegare vinnarar deltok i tevlinga same år. Andre, og førebels siste, gongen det hende var i 2011.

Kommentatorar endre

Kommentatorar i land som deltok
Land Kommentator Kringkastar
  Italia Bianca Maria Piccinino Programma Nazionale
  Nederland Siebe van der Zee NTS
  Frankrike Pierre Tchernia RTF
  Luxembourg Jacques Navadic Télé-Luxembourg
  Sverige Jan Gabrielsson Sveriges Radio-TV
  Danmark Statsradiofonien TV
  Belgia Arlette Vincent INR
Nand Baert NIR
  Vest-Tyskland Wolf Mittler Deutsches Fernsehen
  Austerrike ORF
  Sveits Theodor Haller TV DRS
Georges Hardy TSR
Kommentatorar i land som ikkje deltok
Land Kommentator Kringkastar
  Storbritannia Peter Haigh BBC Television Service
Tom Sloan BBC Light Programme

Kjelder endre