Eurovision Song Contest 2003

Eurovision Song Contest 2003 var den 48. utgåva av Eurovision Song Contest, den årlege songtevlinga for medlemmane av organisasjonen EBU. Konkurransen blei arrangert laurdag 24. mai 2003 i Skonto-hallen i den latviske hovudstaden Riga. Arrangør var Latvijas Televīzija, og dette var andre året på rad at konkurransen blei arrangert i Baltikum, etter at Estland hadde arrangert finalen i 2002. Programleiarar var fjorårsvinnar Marie N og Renārs Kaupers frå bandet Brainstorm, som deltok for Latvia i 2000. EBU hadde dette året sett talet på deltakarar til 26 land, noko som var ny rekord. No måtte også alle land bruke telefonavrøysting, dette for å unngå at land kunne bytte jurypoeng.

Eurovision Song Contest 2003
Offisiell tittel
48. Eurovision Song Contest
Dato
Finalen 24. mai 2003
Vertskap
Stad
Skonto-hallen i Riga i Latvia
Programleiar(ar)
Marie N
Renārs Kaupers
Kringkastar(ar)
Latvijas Televīzija (LTV)
Varigskap
Opningsnummer
Pausenummer
Bidrag
Antal bidrag
26
Debuterte
Ukraina
Attende
Irland
Island
Nederland
Noreg
Polen
Portugal
Ikkje med
Danmark
Finland
Makedonia
Sveits
Kart
Røysting
Vinnar
Tyrkia med «Everyway That I Can» av Sertab Erener
Eurovision Song Contest
Tallinn 2002 Istanbul 2004

Etter ei svært jamn avrøysing vann Tyrkia og Sertab Erener ein knapp siger med «Everyway That I Can». Dette var den fyrste sigeren til Tyrkia i konkurransen. Like bak følgde Belgia og russiske t.A.T.u.. Noreg var tilbake etter fråværet i 2002 og enda på fjerdeplass med Jostein Hasselgård og balladen «I'm Not Afraid to Move On», mens Sverige blei nummer fem. Det norsk-svenske forholdet blei etter finalen gjenstand for stor pressedebatt då den norske kommentatoren, Jostein Pedersen, kommenterte at den svenske duoen Fame hadde like stor utstråling «som bokhyllen Ivar fra IKEA».

Storbritannia hamna for fyrste gang heilt sist med null poeng, mens vertslandet Latvia enda tredje sist. Dette var fyrste gongen sidan 1995 at vertsnasjonen ikkje enda i topp 10, og det var det verste resultatet til ein vertsnasjon sidan 1992.

Dette var siste året Eurovision Song Contest blei halden på tradisjonelt vis, med berre ein finalesending. Året etter innførte EBU semifinale i forkant av finalen, noko som gjorde at alle land som ønskte det, fekk delta kvart år. Kvalifiseringsordninga som hadde vore i bruk sidan 1994, blei også avvikla etter 2003.

Bakgrunn endre

 
Skonto-hallen i Riga.

Etter å ha vunne med låten «I Wanna» i Tallinn året før, var Latvia vertskap for Eurovision Song Contest for fyrste gong. Latvia debuterte så seint som i 2000, og landets fyrste siger kom allereie på tredje forsøk. For den latviske ållmennkringkastaren LTV innebar arrangementet difor eit stor økonomisk løft, både budsjett- og investeringsmessig. Lenge såg det ut til at kringkastaren ikkje ville ha råd til å halde finalen, og så seint som mars 2003 truga EBU med å flytte konkurransen til Sverige.[1][2] Til slutt gjekk den latviske regjeringa og byrådet i Riga inn med nok midlar til at LTV kunne klare å arrangere finalen.

Fleire byar blei vurderte som arrangørbyar, men i august 2002 offentleggjorde LTV at finalen skulle haldast i Skonto-hallen i Riga med plass til rundt 6500 tilskodarar.[3] Datoen blei sett til laurdag 24. mai.[4] Også dette året hadde arrangørane laga eit eige slagord for konkurransen: «Magical Rendez-vous» (norsk: magisk møte).

Nye reglar endre

EBU innførte dette året fleire nye reglar. For det fyrste ble talet på deltakarar sett til rekordhøge 26 land.[5] I tillegg vedtok unionen nye prinsipp for å kåre ein vinnar dersom fleire land skulle dele fyrsteplassen. No var vinnaren det landet som hadde fått poeng frå flest land.[6] Tidlegare hadde EBU tald talet på toppoeng: Det landet som hadde fått 12 poeng frå flest land, blei kåra til vinnar. Var det likt på 12-poenga, talde man deretter talet på 10-poenga og så vidare nedover. Den regelen blei brukt ein gong; i 1991 vann svenske Carola hårfint foran Frankrike. Sverige vann fordi dei hadde fått 10 poeng frå fleire land enn Frankrike. Regelen førte også til at Latvia kvalifiserte seg til finalen i 2002, mens Nederland, som fekk like mange poeng i 2001, ikkje kvalifiserte seg. Latvia vann finalen i 2002.

Ei tredje regelendring var kravet om at alle land heretter måtte bruke 100 prosent telefonavrøysting.[5][6] Åra i forvegen hadde EBU opna for å bruke ein 50/50-kombinasjon mellom telefon- og juryrøyster, noko som hadde ført til skuldingar om at enkelte land bytta juryrøyster. Skuldingane toppa seg etter 2002, og det var bakgrunnen for at EBU heretter sette krav om 100 prosent telefonrøyster. Men Bosnia-Hercegovina og Russland fekk bruke jury, sidan telenettet i desse landa nådde under 80 prosent av folkesetnaden i landet.[7]

Siste året med ei sending endre

Den største regelendringa var innføringa av ein semifinale frå og med 2004.[6][8] Etter 1993 hadde talet på deltakarland auka så kraftig at EBU måtte innføre ulike kvalifiseringsordingar for å halde talet på deltakarland nede på 23–25. I 1994 og 1995 brukte ein utslagsmetoden, der dei dårlegaste plasserte landa blei ekskluderte frå finalen året etter. I 1996 heldt EBU ein hemmeleg kvalifiseringrunde, og i perioden 19972001 blei landa vurderte ut frå korleis dei hadde gjort det i den forutgående femårsperioden: Landa som hadde lågast gjennomsnittleg poengsum, måtte stå over konkurransen eitt år. Frå 2002 vende EBU tilbake til utslagsmetoden, noko som innebar at dei dårlegaste plasserte landa i 2001 ikkje fekk delta i 2002. Det gjorde at Noreg måtte stå over etter å ha komme på sisteplass i 2001.

Utslagsmetoden gjeldt også for 2003, og dei fem dårlegaste plasserte landa i 2002 var dimed ikkje kvalifiserte: Danmark, Finland, Litauen, Makedonia og Sveits. Til gjengjeld var Irland, Island, Nederland, Noreg, Polen og Portugal tilbake etter fråværet i 2002. I tillegg debuterte Ukraina i konkurransen.

EBU innsåg at ingen av kvalifiseringsmetodane var berekraftige og vedtok difor å innføre ein semifinale frå og med 2004. Det innebar at dei ti beste landa i 2003 i tillegg til dei fire store landa (Frankrike, Spania, Storbritannia og Tyskland) var direktekvalifiserte til finalen i 2004.[9] Dei tolv dårlegaste landa i 2003, i tillegg til landa som måtte stå over i 2003 og eventuelle nykommarar, måtte gjennom ein semifinale tre dagar før finalen. Dei ti beste i semifinalen kvalifiserte seg til finalen, slik at til saman 24 land deltok i finalen.[8] I 2008 blei systemet endra til to semifinalar, og berre vinnaren og dei fem store landa er direktekvalifiserte til finalen det påfølgjande året. Dette systemet er fortsatt i bruk.

Sendinga endre

Programmet starta med at programleiarane Marie N og Renārs Kaupers kom på scena og ønskte velkommen. Deretter helsa dei på ulike personlegdommar via satellitt: Lys Assia, den fyrste vinnaren av Eurovision Song Contest i 1956 var med frå Nikosia i Kypros, mens Elton John var med direkte frå arrangementet Life Ball i Wien.[10][11] I tillegg fekk sjåarane helse på den USA-amerikanske astronauten Ed Lu og den russiske kosmonauten Jurij Malentsjenko direkte frå Den internasjonale romstasjonen.[12]

Deretter starta konkurransen. Etter ei loddtrekking halden i Riga 29. november 2002, fekk Island opne, mens Slovenia avslutta. Noreg fekk startnummer 18.[13] Alle 26 finalelåtar blei gjevne ut på eit eige samlealbum. For fyrste gong var det plateselskapet EMI/CMC som gav ut albumet.[14]

 
Russiske t.A.T.u. truga med å kle seg nakne på scena.

Blant favorittane var den russiske superduoen t.A.T.u. som hadde hatt stor suksess med blant anna «All the Things She Said» og «Not Gonna Get Us». Dette året deltok de for Russland med den russiskspråklige «Ne ver, ne bojsia» (ikkje tru, ikkje frykt). Duoen hadde tidlegare spelt på eit lesbisk uttrykk og truga på førehand med å kle seg nakne på scena under Eurovision Song Contest.[15] I tillegg hadde duoen langa ut mot konkurrentane sine under flere pressekonferansar, blant annet mot den tyske artisten Lou.[16] Dei klaga også på produksjonen og lyssetjinga og ble etter kvart svært upopulære blant presse og fans.[17] Under finalen blie duoen møtt av kraftig buing frå publikum, det same gjentok seg kvar gong Russland fekk 12 poeng under avrøystinga. Produsentane av showet var også parate til å bruke opptaket frå generalprøven til Russland om t.A.T.u. skulle finne på å kle seg nakne under direktesendinga.[18] Duoen beholdt imidlertid klærne på under opptredenen sin.[19][20]

Pausenummeret var ein kortfilm som inneheldt ein sekvens med ulike framsyningar av den latviske folkloregruppa Iļģi, bandet til Renārs Kaupers Brainstorm, Marie N og pianisten Raimonds Pauls.[21] Filmen var regissert av Anna Viduleja.

På førehand hadde spelselskapet William Hill sett Russland og Spania som favorittar til å vinne konkurransen. Irland, Slovenia, Estland, Noreg og Island låg like bak.[22] Men vinnarkampen skulle stå mellom to andre land: Belgia og Tyrkia. Og Austerrike som var tippa å komme sist, enda på ein sjetteplass – den beste plasseringa til Austerrike på 14 år.[22]

Tyrkia, representert av superstjerna Sertab Erener, vann konkurransen berre to poeng føre Belgia og tre poeng føre Russland. Dette var fyrste gongen Tyrkia framførte bidraget sitt fullt ut på engelsk. I ettertid reagerte Russland sterkt på at fleire land der t.A.T.u. hadde hatt kommersiell suksess, gav få eller ingen poeng til Russland.[23] Korkje Irland eller Storbritannia gav t.A.T.u. poeng, mens Sverige og Noreg gav 2 poeng kvar. Då det seinare viste seg at Irland hadde måttet bruke reservejuryen sin på grunn av teknisk feil med telefonavrøystinga i landet, meinte Russland at dette hadde kosta dei sigeren.[24][25] Protestane frå Russland fekk EBU til å sjå nærmare på dei irske poenga, men unionen fann ingen feil.[26] Den irske kringkastaren RTÉ publiserte til slutt dei forkastende irske telefonrøystene. Dei viste at Tyrkia framleis ville ha vunne, men at Russland ville ha komme på andreplass føre Belgia.[27] Dei russiske protestane blei difor ikkje tatt til følgje.

Det norske bidraget endre

 
Kommentator Jostein Pedersen fekk mykje merksemd etter finalen.

Noreg var tilbake etter å ha måtta stå over i 2002. Den norske representant var Jostein Hasselgård og låten «I'm Not Afraid to Move On», skriven av Arve Furset. Hasselgård vann den norske finalen som blei arrangert 1. mars i Oslo Spektrum.

Men etter finalen var det pausenummeret som skapte mest merksemd. A cappella-gruppa Cheezy Keys skulle lage eit nummer som skulle portrettere kulturen og musikken i vertslandet Latvia. I staden dukka dei opp på scena med russiske kulturelement som balalaikaar, kosakkuniformer og matrjosjkadokker. Blemma vekte eit kraftig raseri og sinne i Latvia og skapte nærmast diplomatiske forviklingar mellom Noreg og Latvia.[28][29] Rasande latviarar truga med å boikotte norske varer, og den latviske ambassaden sende straks eit protestbrev til NRK.[30] NRK la seg flate og beklaga pauseinnslaget, og den norske ambassadøren til Latvia beklaga personleg overfor Latvias president, Vaira Vīķe-Freiberga.[31][32] Det latviske sinnet gav seg raskt, og Noreg fekk 7 poeng av latviske tv-sjåarar under Eurovision-finalen i mai. 

Utdjupande artikkel for dette emnet er Melodi Grand Prix 2003.

På scena i Riga var Noreg det 18. bidraget ut på scena, med Jostein Hasselgård sitjande ved eit svart flygel. Med på scena var koristane Håvard Gryting, Åshild Stensrud, Lars Aass og Karin Kvalvaag.[33] Jostein Pedersen kommenterte sendinga for både NRK1 og P1, mens Roald Øyen las dei norske poenga via satellitt frå Oslo. 1 470 000 følgde finalen på NRK1, ei kraftig auking frå året før, då Noreg ikke deltok.[34]

Kommentator-bråk endre

Etter Eurovision Song Contest fekk den norske kommentatoren Jostein Pedersen mykje merksemd. Under direktesendinga langa han ut mot det svenske bidraget, «Give Me Your Love», framført av duoen Fame. Pedersen kalla songen for ein «melkeblek ABBA-kopi» og kommenterte vidare at Fame hadde «like mye utstråling som bokhyllen Ivar fra IKEA». Kommentarene skapa sinne i Sverige og fyrstesideoppslag i Noreg. Dei svenske protestane førte til at EBU foretok en granskning av kommentarane til Pedersen, utan at det blei nokon konsekvensar i ettertid.[35][36][37]

Avrøystinga endre

Kvart land gjennomførte ei telefonavrøysting der dei ti mest populære songane fekk poeng i valørane 1–8, 10 og 12, men Polen brukte berre SMS-avrøysting.[38] Landa røysta i same rekkjefølgje som dei hadde delteke i på scena. Bosnia-Hercegovina og Russland fekk løyve til å bruke juryar, siden telenettverket i landa nådde under 80 prosent av folkesetnaden.[5][7] Det kunne maksimalt røystast tre gongar frå kvar telefon.[5] Kvart land hadde også ein reservejury på åtte personar som skulle brukast dersom det skjedde ei svikt i telefonavrøystinga. Dette skjedde i Irland, der kringkastaren RTÉ ikkje mottok telefonrøystene i tide. Difor brukte Irland i staden sin reservejury. Resverejuyen bestod av åtte personar som skulle ha ein balanse både i alder og kjønn. Fire av medlemmane skulle vere lekfolk, mens fire skulle være profesjonelle musikkfolk.[5] Sarah Yuen frå EBU var overdommar for avrøystinga, og dette var fyrste gongen poengtavla ble rangert etter poengsum undervegs i avrøystinga, og ikkje etter startnummer. Dette gjorde det enklare for sjåarane å ha oversikt over stillinga til einkvar tid.

Det blei ei svært jamn avrøysting der Noreg tok leiinga i byrjinga. Etter kvart tok Belgia leiinga og fekk til slutt følgje av Tyrkia og Russland. Mot slutten leia Belgia klårt, og resultatet såg ut til å vere avgjort. Men nest siste land, Sverige, gav ikkje Belgia nokon poeng, mens Tyrkia fekk åtte. Dermed var det Slovenia som siste land som avgjorde. Dei gav berre tre poeng til Belgia, mens Tyrkia fekk ti poeng. Dimed vann Tyrkia med berre to poengs margin. Russland blei nummer tre, berre tre poeng bak Tyrkia, men klarte aldri å nå heilt opp i leiinga. Dette var den fyrste sigeren til Tyrkia i konkurransen. 2003 blei også eit godt nordisk år: Noreg blei nummer fire, Sverige blei nummer fem, mens Island hamna på ein åttandeplass. Finland og Danmark deltok ikkje dette året.

Deltakarar endre

Rekkjefølgja i framføringa står i kolonna til venstre mens sluttresultat er ført opp som plass i kolonna nest sist til høgre.

Startnr. Land Artist Song Språk Plass Poeng
01   Island Birgitta «Open Your Heart» Engelsk 8 81
02   Austerrike Alf Poier «Weil der Mensch zählt» Tysk 6 101
03   Irland Mickey Harte «We've Got the World» Engelsk 11 53
04   Tyrkia Sertab Erener «Everyway That I Can» Engelsk 1 167
05   Malta Lynn Chircop «To Dream Again» Engelsk 25 4
06   Bosnia-Hercegovina Mija Martina «Ne brini» Kroatisk, engelsk 16 27
07   Portugal Rita Guerra «Deixa-me sonhar (só mais uma vez)» Engelsk, portugisisk 22 13
08   Kroatia Claudia Beni «Više nisam tvoja» Kroatisk, engelsk 15 29
09   Kypros Stélios Konstantás «Feeling Alive» Engelsk 20 15
10   Tyskland Lou «Let's Get Happy» Engelsk 11 53
11   Russland t.A.T.u. «Ne ver, ne bojsia» (Не верь, не бойся) Russisk 3 164
12   Spania Beth «Dime» Spansk 8 81
13   Israel Lior Narkis «Milim la'ahava» (מילים לאהבה) Engelsk, hebraisk 19 17
14   Nederland Esther Hart «One More Night» Engelsk 13 45
15   Storbritannia Jemini «Cry Baby» Engelsk 26 0
16   Ukraina Oleksandr Ponomarjov «Hasta la Vista» Engelsk 14 30
17   Hellas Mandó «Never Let You Go» Engelsk 17 25
18   Noreg Jostein Hasselgård «I'm Not Afraid to Move On» Engelsk 4 123
19   Frankrike Louisa Baïleche «Monts et merveilles» Fransk 18 19
20   Polen Ich Troje «Keine Grenzen – Żadnych granic» Tysk, polsk, engelsk 7 90
21   Latvia F.L.Y. «Hello From Mars» Engelsk 24 5
22   Belgia Urban Trad «Sanomi» Kunstig språk 2 165
23   Estland Ruffus «Eighties Coming Back» Engelsk 21 14
24   Romania Nicola «Don't Break My Heart» Engelsk 10 73
25   Sverige Fame «Give Me Your Love» Engelsk 5 107
26   Slovenia Karmen Stavec «Nanana» Engelsk 23 7

Røystegjeving endre

Røystemetode brukt:
██ 100% Telerøysting██ 100% Juryrøysting
Poenggjevande land
Total                                                    
  Island 81 7 8 12 6 5 1 6 4 12 1 1 3 3 1 7 4
  Austerrike 101 10 6 5 10 5 4 2 8 8 8 2 8 4 2 6 6 7
  Irland 53 2 5 5 7 4 7 12 1 6 1 1 2
  Tyrkia 167 3 12 4 12 8 10 8 10 3 7 12 7 2 7 10 10 2 12 10 8 10
  Malta 4 3 1
  Bosnia-Hercegovina 27 7 12 8
  Portugal 13 2 2 3 6
  Kroatia 29 5 6 3 6 1 8
  Kypros 15 2 1 12
  Tyskland 53 8 1 4 3 7 4 2 4 5 2 2 1 10
  Russland 164 4 8 10 1 3 4 12 10 8 6 10 1 12 10 2 7 4 12 7 12 7 2 12
  Spania 81 6 2 12 7 6 6 12 5 5 10 5 4 1
  Israel 17 5 1 3 8
  Nederland 45 5 7 2 10 2 1 5 8 5
  Storbritannia 0
  Ukraina 30 8 4 10 5 3
  Hellas 25 1 4 12 5 1 2
  Noreg 123 12 2 12 6 5 7 4 3 7 6 7 3 6 7 6 10 3 12 5
  Frankrike 19 8 2 3 6
  Polen 90 10 10 12 5 4 2 8 6 4 5 8 5 4 4 3
  Latvia 5 5
  Belgia 165 7 4 10 7 10 6 3 6 3 12 8 10 5 10 8 3 12 12 10 8 8 3
  Estland 14 1 8 2 3
  Romania 73 6 1 7 1 2 4 12 10 6 6 4 1 4 8 1
  Sverige 107 5 3 8 1 3 2 1 3 7 5 3 10 5 7 2 7 6 4 7 12 6
  Slovenia 7 4 3

12 poeng endre

Under er lista over landa som fekk 12 poeng.

Tal Land som fekk 12 poeng Land som gav 12 poeng
5   Russland Estland, Latvia, Kroatia, Slovenia, Ukraina
4   Tyrkia Austerrike, Belgia, Bosnia-Hercegovina, Nederland
3   Belgia Frankrike, Polen, Spania
  Noreg Irland, Island, Sverige
2   Island Malta, Noreg
  Spania Israel, Portugal
1   Bosnia-Hercegovina Tyrkia
  Hellas Kypros
  Irland Storbritannia
  Kypros Hellas
  Polen Tyskland
  Romania Russland
  Sverige Romania

Kommentatorar og poengopplesarar endre

Poengopplesarar endre

Kvart land hadde ein talsperson som annonserte poenga frå sitt land på engelsk eller fransk over satellitt.[39] Under er talspersonene i samme rekkefølge som under avstemningen.

  1.   Island – Eva María Jónsdóttir
  2.   Austerrike – Dodo Roscic
  3.   Irland – Pamela Flood
  4.   Tyrkia – Meltem Ersan Yazgan
  5.   Malta – Sharon Borg[40]
  6.   Bosnia-Hercegovina – Ana Vilenica
  7.   Portugal – Helena Ramos
  8.   Kroatia – Davor Meštrović[41]
  9.   Kypros – Loukas Hamatsos
  10.   Tyskland – Axel Bulthaupt
  11.   Russland – Jana Tsjurikova
  12.   Spania – Anne Igartiburu
  13.   Israel – Michal Zo'aretz
  14.   Nederland – Marlayne
  15.   Storbritannia – Lorraine Kelly
  16.   Ukraina – Ljudmila Khariv[42]
  17.   Hellas – Aléxis Kostálas[43]
  18.   Noreg – Roald Øyen
  19.   Frankrike – Sandrine François[44]
  20.   Polen – Maciej Orłoś
  21.   Latvia – Ģirts Līcis[45]
  22.   Belgia – Corinne Boulangier
  23.   Estland – Ines
  24.   Romania – Leonard Miron
  25.   Sverige – Kattis Ahlström
  26.   Slovenia – Peter Poles


Kommentatorer og sendinger endre

Dei fleste landa som overførte finalen, hadde kommentatorar som formidla informasjon og hendingar direkte til sjåarane. Alfabetisk oversikt over kommentatorar og sendingar under Eurovision Song Contest 2003:[46]

Kommentatorar og sendingar i deltakarlanda
Land Kringkastar Kanal Kommentator
  Austerrike ORF ORF 1[47] Andi Knoll[48]
Hitradio Ö3 Martin Blumenau
  Belgia RTBF RTBF La Une[49] Jean-Pierre Hautier[50]
RTBF La Première Patrick Duhamel og Sophie Brems
VRT VRT TV1[51] André Vermeulen og Anja Daems[52]
VRT Radio 2 Julien Put og Michel Follet
  Bosnia-Hercegovina BHRT BHTV 1 Dejan Kukrić
  Estland Eesti Televisioon ETV Marko Reikop[53]
Eesti Raadio Raadio 2 Vello Rand
  Frankrike France Télévisions France 3 Laurent Ruquier og Isabelle Mergault[50]
Radio France France Bleu Laurent Boyer
  Hellas ERT ET1 Dafni Bokota[54]
ERA 1 Nikos Triboulidis[55]
  Irland RTÉ RTÉ One Marty Whelan og Phil Coulter[56]
RTÉ Radio 1 Gerry Ryan
  Island RÚV[57] Sjónvarpið Gísli Marteinn Baldursson[58]
  Israel IBA Kanal 1 Ingen kommentator
Reshet Gimel Daniel Pe'er
  Kroatia HRT HRT 2 Danijela Trbović[59]
HR2 Draginja Balaš
  Kypros RIK RIK 1 Evi Papamikhail[60]
RIK Deftero Pavlos Pavlou
  Latvia LTV LTV1 Kārlis Streips
  Malta PBS TVM John Bundy
  Nederland NOS Nederland 2 Willem van Beusekom[61]
Radio 3FM Wessel van Diepen
  Noreg NRK NRK1 Jostein Pedersen[62]
NRK P1
  Polen TVP TVP1 Artur Orzech[63]
  Portugal RTP RTP1 Margarida Mercês de Mello[64]
  Romania TVR TVR1 Andreea Demirgian
  Russland Pervyj kanal Kanal 1 Jurij Aksiuta og Jelena Batinova
VGTRK Russlands stemme Vadim Dolgatsjov
  Slovenia RTVSLO SLO1 Andrea F
  Spania TVE La Primera José Luis Uribarri[65]
  Storbritannia BBC BBC One Terry Wogan
BBC Radio 2 Ken Bruce[66]
  Sverige SVT SVT1 Pekka Heino[67]
SR SR P3 Carolina Norén og Björn Kjellman
  Tyrkia TRT TRT 1 Bülend Özveren
TRT Radyo 3 Canan Kumbasar
  Tyskland ARD Das Erste Peter Urban[68]
Deutschlandfunk Thomas Mohr
  Ukraina NTU Fyrste nasjonale Dmytro Kryzjanovskyj og Pavlo Sjylko[69][70]
Kommentatorar og sendingar i ikkje-deltakande land
Land Kringkastar Kanal Kommentator
  Albania TVSH RTSH 1 Ukjend[71]
  Andorra RTVA[72] ATV Meri Picart og Albert Roig[73]
  Armenia ARMTV Armenia 1 Ukjend[74]
  Australia SBS SBS TV Des Mangan[75][76]
  Danmark DR DR1 Jørgen de Mylius[77]
  Finland Yle Yle TV2 Maria Guzenina[78] og Asko Murtomäki[79]
Yle FST Ukjend[80][81][82]
Yle Radio Suomi
YLE Radio Vega
  Italia GAY.tv GAY.tv Fabio Canino og Paolo Quilici[83]
  Kviterussland BTRC Belarus 1 Ales Krugljakov og Tatjana Jakusjeva[84]
  Litauen LRT LTV2 Darius Užkuraitis
  Makedonia MRT MTV 3 Milanka Rasjik
  Puerto Rico MSN MSN Ingen kommentator[74]
  Serbia og Montenegro RTS RTS2 Mladen Popović[71][85]
  Sveits SF DRS SF2 Roman Kilchsperger
TSR TSR 1 Jean-Marc Richard og Alain Morisod
RTSI TSI 1 Daniele Rauseo og Claudio Lazzarino
  USA Israeli Network Israeli Network Ukjend[74]

Andre utmerkelser endre

I tillegg til det offisielle vinnertrofeet, ble det delt ut flere priser og utmerkelser i forbindelse med konkurransen. Blant dem var den offisielle Marcel Bezençon Awards og den fan-baserte Barbara Dex Award.

Marcel Bezençon Awards endre

Utdjupande artikkel for dette emnet er Marcel Bezençon Awards.

Marcel Bezençon Awards blei fyrst delt ut under Eurovision Song Contest 2002 og er ei utmerking til dei beste songane i finalen. Prisen blei oppretta av Christer Björkman og Richard Herrey. Utmerkinga er kalla opp etter skaparen av Eurovision Song Contest, Marcel Bezençon, og blir delt ut i tre kategoriar: presseprisen, artistprisen og låtkskrivarprisen. Prisane blei offentleggjorde like før finalen.[86]

Kategori Land Sang Artist Låtskrivarar
Artistprisen   Nederland «One More Night» Esther Hart Tjeerd van Zanen, Alan Michael
Låtskrivarprisen   Spania «Dime» Beth Amaya Martínez, Jesús Maria Pérez
Presseprisen   Tyrkia «Everyway That I Can» Sertab Erener Demir Demirkan

Barbara Dex Award endre

Utdjupande artikkel for dette emnet er Barbara Dex Award.

Barbara Dex Award var ein uoffisiell og humoristisk fan-pris som blei delt ut årleg fram til 2021 av den belgiske nettsida songfestival.be. Utmerkinga blei tildelt den verst kledde artisten, ut frå røystene til fans og vitjande på sida. Prisen var kalla opp etter den belgiske artisten Barbara Dex, som i eit eigensydd plagg kom på sisteplass i 1993.[87] Under er vinneren som ble stemt frem av fansen i 2003:[88]

Land Artist Song
  Russland t.A.T.u. «Ne ver, ne bojsia» (Не верь, не бойся)

Sjå òg endre

Kjelder endre

  1. «GP kan bli flyttet til Sverige». TV2.no. 18. mars 2003. 
  2. Ringby, Daniel (15. mars 2003). «Eurovision Danish newspaper writes about LTV's chaos - ESCToday.com». ESCToday (på engelsk). Henta 14. august 2022. 
  3. «Media claims "only 4000" tickets will be available to Eurovision shows». wiwibloggs (på engelsk). 15. september 2018. Henta 20. september 2018. 
  4. Mikheev, Andy (22. august 2002). «Archived news. Part 1.». Henta 27. oktober 2013. 
  5. 5,0 5,1 5,2 5,3 5,4 «RULES OF THE 2003 EUROVISION SONG CONTEST» (PDF). European Broadcasting Union. European Broadcasting Union. 20. november 2002. Arkivert frå originalen (PDF) 14. april 2003. Henta 16. november 2013.  More than one of |tittel= og |title= specified (hjelp); More than one of |arkivdato= og |archivedate= specified (hjelp); More than one of |arkivurl= og |archiveurl= specified (hjelp); More than one of |besøksdato= og |accessdate= specified (hjelp) «Arkivert kopi» (PDF). Arkivert frå originalen (PDF) 14. april 2003. Henta 27. august 2017. 
  6. 6,0 6,1 6,2 «Eurovision Song Contest Riga 2003». eurovision.tv. 2017. Henta 27. august 2017. 
  7. 7,0 7,1 «Turkish delight at Eurovision win». BBC News (på engelsk). 24. mai 2003. Henta 14. august 2022. 
  8. 8,0 8,1 «Eurovision Song Contest Istanbul 2004». eurovision.tv. 2017. Henta 27. august 2017. 
  9. «Alle får være med». Dagbladet.no (på norsk). 29. januar 2003. Henta 27. august 2017. 
  10. «1956 winner Lys Assia: "It will go on!"». eurovision.tv (på engelsk). 22. mai 2008. Henta 14. august 2022. 
  11. «Artists and fan sites campaign on World AIDS Day». eurovision.tv (på engelsk). 1. desember 2008. Henta 14. august 2022. 
  12. Tarm, Michael (25. mai 2003). «Lativa 2003 12 Points!». CITY PAPER: The Baltic States. Arkivert frå originalen 3. mars 2007. 
  13. Bakker, Sietse (28. november 2002). «Eurovision Draw to be made public Friday 17:00 CET - ESCToday.com». ESCToday (på engelsk). Henta 14. august 2022. 
  14. «Eurovision Song Contest Riga 2003 CD available now!». Den europeiske kringkastingsunion. 16. mai 2003. Arkivert frå originalen 24. juni 2003. Henta 14. august 2022. 
  15. Laran, Eugene Brandal (20. mai 2003). «– Skal strippe under Grand Prix». Dagbladet.no (på norsk). Henta 27. august 2017. 
  16. «TATU - Press - Latest Translated Articles - Grand-Prix sensation: t.A.T.u. participate against Lou*. ("Blind" - Germany)». eng.tatysite.net. Henta 14. august 2022. 
  17. «Eurovision row over Tatu». BBC News (på engelsk). 21. mai 2003. Henta 14. august 2022. 
  18. «Tatu Lesbian Stunt Feared (SkyNews)». 22. mai 2003. Henta 20. november 2013. 
  19. Rau, Oliver (24. mai 2003). «Eurovision t.A.T.u.'s performance will not be interrupted - ESCToday.com». ESCToday (på engelsk). Henta 14. august 2022. 
  20. «TATU - Press - Articles - Eurovision to Brave All with Live t.A.T.u. Show (Reuters)». eng.tatysite.net. Henta 14. august 2022. 
  21. LETA (6. mai 2003). «Eirovīzijas veidotāji pārcēlušies uz ‘Skonto’ halli». delfi.lv (på latvisk). Henta 14. august 2022. 
  22. 22,0 22,1 Bakker, Sietse (24. mai 2003). «Eurovision William Hill: update of the betting figures! - ESCToday.com». ESCToday (på engelsk). Henta 14. august 2022. 
  23. Muri, Karin (30. mai 2003). «Ranet for seieren». VG (på norsk). Henta 27. august 2017. 
  24. «Vote switch 'stole Tatu's Eurovision win'». the Guardian (på engelsk). 30. mai 2003. Henta 14. august 2022. 
  25. «Russia launches Eurovision appeal». BBC News (på engelsk). 29. mai 2003. Henta 14. august 2022. 
  26. Rodrigues, André (20. juni 2003). «Eurovision EBU approves use back-up jury of Irish television». ESCToday (på engelsk). Henta 14. august 2022. 
  27. Bakker, Sietse (27. juni 2003). «Eurovision Irish televoting results finally announced». ESCToday (på engelsk). Henta 14. august 2022. 
  28. Guro Hoftun Gjestad (20. mai 2003). «Skværet opp etter balalaika-tabben til NRK». VG. Henta 12. juli 2016. 
  29. Width, Henrik (5. mars 2003). «Latvia raser etter GP-tabbe». Aftenposten. s. 12. 
  30. Anders W. Hagen (5. mars 2003). «Latvisk raseri mot NRK og Norge». www.dagbladet.no. Henta 12. juli 2016. 
  31. Johnsrud og Gjestad, Ingar og Guro Hoftun (6. mars 2003). «– Unnskyld, Latvia!». Verdens Gang. s. 46. 
  32. Løkken og Westerfjell, Anne Marie og Torunn P. (6. mars 2003). «Beklager pauseflause». nrk.no. 
  33. «– 100 prosent klaff». VG (på norsk). 25. mai 2003. Henta 19. november 2017. 
  34. Trulsen, Ola Nymo (12. mai 2014). «1.377.000 så Eurovision-finalen». NRK (på norsk). Henta 19. november 2017. 
  35. Stian Fjelldal (26. mai 2003). «Refses etter svenskehets». nrk.no. Henta 10. desember 2016. 
  36. Winterkjær, Ståle (26. mai 2003). «Svenskene raser mot NRK-Jostein». VG Nett. 
  37. Lillian Bikset (27. mai 2003). «– Skjerp dere, Sverige!». Dagbladet. Henta 11. desember 2016. 
  38. Górecki, Kamil (24. mai 2003). «Eurovision Poland will use SMS-voting only». ESCToday (på engelsk). Henta 14. august 2022. 
  39. «How the Eurovision Song Contest works | Eurovision Song Contest». eurovision.tv (på engelsk). 18. mai 2019. Arkivert frå originalen 31. mai 2022. Henta 4. oktober 2022. 
  40. [1] Arkivert 2016-01-24 ved Wayback Machine.
  41. «• Pogledaj temu - SPOKESPERSONS». Forum.hrt.hr. 29. februar 2008. Arkivert frå originalen 14. mars 2012. Henta 9. august 2012.  More than one of |tittel= og |title= specified (hjelp); More than one of |arkivdato= og |archivedate= specified (hjelp); More than one of |arkivurl= og |archiveurl= specified (hjelp); More than one of |besøksdato= og |accessdate= specified (hjelp) «Arkivert kopi». Arkivert frå originalen 14. mars 2012. Henta 27. august 2017. 
  42. «"Євробачення" — готовність № 1 /ДЕНЬ/». Day.kiev.ua. 28. november 2007. Henta 9. august 2012. 
  43. «Εκφωνητές της ΕΡΤ για τις ψήφους της Ελλάδας στην EUROVISION – side 3». Retromaniax.gr. Arkivert frå originalen 11. september 2012. Henta 9. august 2012.  More than one of |tittel= og |title= specified (hjelp); More than one of |arkivdato= og |archivedate= specified (hjelp); More than one of |arkivurl= og |archiveurl= specified (hjelp); More than one of |besøksdato= og |accessdate= specified (hjelp)
  44. «Concours Eurovision de la Chanson • Consulter le sujet - Porte-paroles des jurys des pays francophones». Eurovision.vosforums.com. Arkivert frå originalen 13. november 2019. Henta 9. august 2012. 
  45. Bakker, Sietse (22. mai 2003). «Girts Licis: press conferences and Latvian votes». ESCToday. Arkivert frå originalen 24. februar 2020. Henta 24. februar 2020. 
  46. «Eurovision Song Contest 2003 – full cast». imdb.com. Henta 27. august 2017. 
  47. Ikkjeraud lenkje som bør gjerast om til vanleg lenkje.
  48. Online, Tiroler[daud lenkje] Tageszeitung. «ESC-Kommentator Andi Knoll: „Heinz Prüller bin ich keiner“ | Tiroler Tageszeitung Online - Nachrichten von jetzt!». Tiroler Tageszeitung Online (på tysk). Arkivert frå originalen 21. august 2017. Henta 21. august 2017. 
  49. Ikkjeraud lenkje som bør gjerast om til vanleg lenkje.
  50. 50,0 50,1 Christian Masson. «2003 – Riga». Songcontest.free.fr. Henta 9. august 2012. 
  51. Ikkjeraud lenkje som bør gjerast om til vanleg lenkje.
  52. «Bart Peeters co-commentator op songfestival : showbizz». Mijnnieuws.skynetblogs.be. Arkivert frå originalen |archive-url= requires |archive-date= (hjelp). Henta 9. august 2012.  «Arkivert kopi». Arkivert frå originalen 2. april 2012. Henta 27. august 2017. 
  53. «Estonia: Sahlene to be ETV's spokeperson». Arkivert frå originalen 2. september 2011. Henta 7. februar 2016.  More than one of |tittel= og |title= specified (hjelp); More than one of |arkivdato= og |archivedate= specified (hjelp); More than one of |arkivurl= og |archiveurl= specified (hjelp); More than one of |besøksdato= og |accessdate= specified (hjelp) «Arkivert kopi». Arkivert frå originalen 2. september 2011. Henta 27. august 2017. 
  54. «Η Δάφνη Μπόκοτα και η EUROVISION (1987–2004)». Retromaniax.gr. Arkivert frå originalen 12. september 2012. Henta 10. august 2012.  More than one of |tittel= og |title= specified (hjelp); More than one of |arkivdato= og |archivedate= specified (hjelp); More than one of |arkivurl= og |archiveurl= specified (hjelp); More than one of |besøksdato= og |accessdate= specified (hjelp)
  55. «Τετάρτη 26 Φεβρουαρίου ο ελληνικός διαγωνισμός». eurovision.ert.gr 2020 (på gresk). Gresk kringkasting ERT. 2003. Arkivert frå originalen 16. februar 2003. Henta 28. november 2022. 
  56. «RTE so lonely after loss of Gerry - Marty». 20. mai 2010. Henta 29. mai 2010. «He has been providing commentary for Irish viewers since 2000 and maintains great enthusiasm for the much lampooned contest.» 
  57. Ikkjeraud lenkje som bør gjerast om til vanleg lenkje.
  58. «Fréttablaðið, 24.05.2003». Timarit.is. Henta 9. august 2012. 
  59. «• Pogledaj temu - Eurosong komentatori». Forum.hrt.hr. Arkivert frå originalen 14. mars 2012. Henta 9. august 2012.  More than one of |tittel= og |title= specified (hjelp); More than one of |arkivdato= og |archivedate= specified (hjelp); More than one of |arkivurl= og |archiveurl= specified (hjelp); More than one of |besøksdato= og |accessdate= specified (hjelp) «Arkivert kopi». Arkivert frå originalen 14. mars 2012. Henta 27. august 2017. 
  60. Savvidis, Christos (OGAE Cyprus)
  61. www.eurovisionartists.nl. «Welkom op de site van Eurovision Artists». Eurovisionartists.nl. Henta 9. august 2012. 
  62. «Alt du trenger å vite om MGP – Melodi Grand Prix – Melodi Grand Prix – NRK». Nrk.no. 27. mai 2003. Henta 9. august 2012. 
  63. «Turcja, nie Polska zwycięzcą Eurowizji 2003 - Onet Muzyka». Muzyka.onet.pl. 25. mai 2003. Arkivert frå originalen 18. februar 2009. Henta 9. august 2012.  More than one of |tittel= og |title= specified (hjelp); More than one of |arkivdato= og |archivedate= specified (hjelp); More than one of |arkivurl= og |archiveurl= specified (hjelp); More than one of |besøksdato= og |accessdate= specified (hjelp)
  64. «Comentadores Do ESC - escportugalforum.pt.vu | o forum eurovisivo português». 21595.activeboard.com. Arkivert frå originalen 21. april 2012. Henta 10. august 2012.  More than one of |tittel= og |title= specified (hjelp); More than one of |arkivdato= og |archivedate= specified (hjelp); More than one of |arkivurl= og |archiveurl= specified (hjelp); More than one of |besøksdato= og |accessdate= specified (hjelp) «Arkivert kopi». Arkivert frå originalen 21. april 2012. Henta 27. august 2017. 
  65. «Uribarri commentator Eurovision 2010» (på spansk). Foro EuroSong Contest. Arkivert frå originalen 17. mars 2012. Henta 24. juli 2012.  More than one of |tittel= og |title= specified (hjelp); More than one of |arkivdato= og |archivedate= specified (hjelp); More than one of |arkivurl= og |archiveurl= specified (hjelp); More than one of |besøksdato= og |accessdate= specified (hjelp) «Arkivert kopi». Arkivert frå originalen 17. mars 2012. Henta 27. august 2017. 
  66. Bruce, Ken. «Gin for lunch, whiskey for tea: Radio 2's Ken Bruce reveals his midlife crisis and the days when one drink was not enough». Daily Mail. 
  67. «Infosajten.com». Infosajten.com. Arkivert frå originalen 18. juli 2012. Henta 9. august 2012.  More than one of |tittel= og |title= specified (hjelp); More than one of |arkivdato= og |archivedate= specified (hjelp); More than one of |arkivurl= og |archiveurl= specified (hjelp); More than one of |besøksdato= og |accessdate= specified (hjelp) «Arkivert kopi». Arkivert frå originalen 18. juli 2012. Henta 27. august 2017. 
  68. «Dr. Peter Urban kommentiert - Düsseldorf 2011». Duesseldorf2011.de. Arkivert frå originalen 24. mars 2012. Henta 9. august 2012.  More than one of |tittel= og |title= specified (hjelp); More than one of |arkivdato= og |archivedate= specified (hjelp); More than one of |arkivurl= og |archiveurl= specified (hjelp); More than one of |besøksdato= og |accessdate= specified (hjelp) «Arkivert kopi». Arkivert frå originalen 24. mars 2012. Henta 27. august 2017. 
  69. «DJ Паша: "У "Євробаченні" переможе темна конячка"». Vysokyi Zamok. Arkivert frå originalen 4. februar 2014. Henta 23. mai 2013.  More than one of |tittel= og |title= specified (hjelp); More than one of |arkivdato= og |archivedate= specified (hjelp); More than one of |arkivurl= og |archiveurl= specified (hjelp); More than one of |besøksdato= og |accessdate= specified (hjelp) «Arkivert kopi». Arkivert frå originalen 4. februar 2014. Henta 27. august 2017. 
  70. Tetjana Polisjtsjuk. «Євробачення" — готовність № 1». The Day. Arkivert frå originalen 6. mars 2019. Henta 6. mars 2019. 
  71. 71,0 71,1 Opheim, Bjørn Erik (22. februar 2003). «50th Anniversary won't affect annual Eurovision». ESCToday.com. Henta 23. november 2013. 
  72. Ikkjeraud lenkje som bør gjerast om til vanleg lenkje.
  73. «ATV Eurovisio». Ràdio i Televisió d'Andorra. 9. oktober 2003. Arkivert frå originalen 10. desember 2003. Henta 23. november 2013.  «Arkivert kopi». Arkivert frå originalen 10. desember 2003. Henta 27. august 2017. 
  74. 74,0 74,1 74,2 Barak, Itamar (22. mai 2003). «EBU press conference about the contest's future». ESCToday.com. Henta 23. november 2013. 
  75. Jinman, Richard (24. mai 2003). «Lesbian kiss could be Russia's Waterloo». The Sydney Morning Herald. Henta 21. november 2013. 
  76. Matthews, Alana (12. mai 2022). «Looking back at Australia's Eurovision commentary on SBS». aussievision (på engelsk). Arkivert frå originalen 15. august 2022. Henta 11. desember 2022. 
  77. «Danske kommentatorer og pointsoplæsere». Esconnet.dk. Arkivert frå originalen 24. mars 2012. Henta 21. april 2012.  «Arkivert kopi». Arkivert frå originalen 24. mars 2012. Henta 27. august 2017. 
  78. Ikkjeraud lenkje som bør gjerast om til vanleg lenkje.
  79. «Selostajat ja taustalaulajat läpi vuosien? • Viisukuppila». Viisukuppila.fi. Henta 9. august 2012. 
  80. Riikka, Hokkanen (24. mai 2003). «fst 12.30-16.29Stafettkarnevalen...». Helsingin Sanomat (på finsk). Henta 28. november 2022. 
  81. Riikka, Hokkanen (24. mai 2003). «yle radio 1 87,9 MHz / HTV 92,3...». Helsingin Sanomat (på finsk). Henta 28. november 2022. 
  82. Operaattorit (12. mai 2001). «radiomafia 91,9 MHz / HTV 95,6...». Helsingin Sanomat (på finsk). Henta 28. november 2022. 
  83. Lombardini, Emanuele; Pigliavento, Alessandro (2012). «Guida all'EUROVISION SONG CONTEST 2012» (PDF). Eurovision Italia. Eurovision Italia. Arkivert frå originalen (PDF) 2. desember 2013. Henta 23. november 2013.  More than one of |tittel= og |title= specified (hjelp); More than one of |arkivdato= og |archivedate= specified (hjelp); More than one of |arkivurl= og |archiveurl= specified (hjelp); More than one of |besøksdato= og |accessdate= specified (hjelp)
  84. БТ покажет нам "Евровидение-2003" (på russisk). Komsomolskaya Pravda. 24. mai 2003. Henta 23. november 2013. 
  85. «Nostalgični RTV press clipping». rtvforum.net. Arkivert frå originalen 29. september 2015. Henta 2. september 2015.  More than one of |tittel= og |title= specified (hjelp); More than one of |arkivdato= og |archivedate= specified (hjelp); More than one of |arkivurl= og |archiveurl= specified (hjelp); More than one of |besøksdato= og |accessdate= specified (hjelp) «Arkivert kopi». Arkivert frå originalen 29. september 2015. Henta 27. august 2017. 
  86. «Marcel Bezençon Awards». Eurovision.tv. Henta 9. juli 2022. 
  87. «Eurovision's worst dressed: Who should win the Barbara Dex Award 2017? | wiwibloggs». wiwibloggs (på engelsk). 15. mai 2017. Henta 20. mai 2018. 
  88. Ringby, Daniel (9. juni 2003). «Eurovision t.A.T.u win 2003 Barbara Dex Award». ESCToday (på engelsk). Henta 14. august 2022. 

Bakgrunnsstoff endre