Eva Knardahl

norsk pianist

Eva Knardahl Freiwald (10. mai 19273. desember 2006) var ein norsk klassisk pianist.

Eva Knardahl

Fødd10. mai 1927
FødestadOslo
Død3. september 2006 (79 år)
DødsstadOslo
OpphavNoreg
Aktiv1939–2006
Instrumentpiano
Verka sompianist, musikkpedagog, professor
PrisarSpellemannprisen i klassisk musikk/samtidsmusikk, Griegprisen, Spellemannprisen i klassisk musikk/samtidsmusikk, Den Kongelege Norske St. Olavs Ordenen

Knardahl var elev hjå Mary Barratt Due og Ivar Jonsen og debuterte i Universitetets aula i 1939 som solist med Oslo Filharmoniske Orkester. Ho spela på dei fleste kontinenta og i 15 år var ho pianist ved Minneapolis Symphony Orchestra. I 1967 kom Knardahl attende til Noreg og vart godt motteken av det norske publikumet. Det store talentet hennar vekte begeistring og ho vart ein av dei største personlegdomane i norsk musikkliv. Knardahl var heller ikkje redd for å gjera utradisjonelle ting. Ho spela mellom anna på Molde Jazzfestival, spela saman med Vazelina Bilopphøggers og Stabekk janitsjarorkester og ho spela inn ei plate saman med Ola Snortheim og Morgan Lindstrøm i folk-elektronica-gruppa Langsomt Mot Nord (Westrweg, 1988).

I mai 1995 vart Eva Knardahl ramma av hjarteslag og vart lam i venstre side av lekamen. På trass av dette kjempa ho seg attende til pianokrakken og hadde alt året etter fleire konsertar både inn- og utland

Eva Knardahl døydde på Nordseterhjemmet i Oslo, 79 år gamal.

Prisar og utmerkingar endre