Exeter er administrasjonsbyen for grevskapet Devon i England, og eit administrativt distrikt.

Exeter
City of Exeter

Med klokka: Katedralen, klokketårnet, rådhuset, ensemblet nær katedralen, Jernbrua
Med klokka: Katedralen, klokketårnet, rådhuset, ensemblet nær katedralen, Jernbrua
Med klokka: Katedralen, klokketårnet, rådhuset, ensemblet nær katedralen, Jernbrua
Motto
«'Semper fidelis'»
Plassering
Exeter is located in
Styresmakter
Land  Storbritannia
Konstituerande land  England
Grevskap Devon
Distrikt Exeter
Borgarmeister Stella Brock
Geografi
Flatevidd
 - By

47,03 km²
Innbyggjarar
 - By (2009)
   - folketettleik

118 800
  2 526 /km²
Koordinatar 50°43′18.48″N 3°32′1.02″W / 50.7218000°N 3.5336167°W / 50.7218000; -3.5336167
Diverse annan informasjon
Postnummer EX1-6
Telefon-retningsnummer 01392
Nettstad: www.exeter.gov.uk
Commons har multimedium som gjeld: Exeter
Exeterkatedralen

Fram til 1900-talet var Exeter det nedste staden der ein kunne krysse elva Exe, og han vart difor eit administrativt senter og ein handelsstad. Byen vart òg bispesete i angelsaksisk tid. Han var tidlegare ein hamneby; sjølve hamna låg først i den vesle byen Topsham, som før var ved tidvassgrensa til elva, og var vart så frakta derfrå på lekterar. Etterkvart vart det bygd ein skipskanal slik av havgåande skip kunne segle heilt inn til Exeter. Denne vart brukt for transportskip heilt til dampskipa kom og storleiken til skipa auka kraftig. I dag blir brukt kanalen av fritidsbåtar.

Historie endre

I romersk tid var byen kjent som Isca Dumnonorium, eit namn som tyder på at han var ein keltisk landsby før romarane kom. Isca er eit vanleg keltisk ord for ein landsby eller ein liten by, og Domnonorium tyder «dumnonarane sitt».

Byen var den sørvestlegaste festningsbusetjinga i Romersk Britannia. I 1970-åra vart eit større romersk badeanlegg grave ut; sidan det ligg rett ved Exeterkatedralen har det ikkje vore mogleg å ha utgravingane opne for publikum. Den romerske vegen Fosse Way hadde det sørlege endepunktet sitt i Exeter.

Store delar av den romerske bymuren er bevart, men blir skjult av den utanpåliggande muren som Alfred den store fekk reist for å verne byen etter vikinginvasjonen i 876. Vikingane tok byen likevel, men vart driven ut att året etter. I 894 kringsette vikingane byen, men klarte ikkje å ta han.

I 1067 gjorde Exeterborgarane opprør mot Vilhelm Erobraren, som straks gjekk vestover for å kringsetje byen. Etter ei atten dagar lang kringsetjing vart han teke. Som ein del av kapitulasjonsvilkåra fekk adelsmennene i byen halde posisjonane sine, under føresetnad av at eit slott med ein normannisk herre vart bygd.

Neste kringsetjing kom i 1140, då Baldwin de Redvers heldt han mot kong Stefan i tre månader før byen måtte overgjevast fordi ein var tomme for drikkevatn.

I 1537 vart byen eit korporativt grevskap. Bygningar frå 1500-talet, Livery Dole Almshouses and Chapel, er bevart i sentrum. Dei vart påbegynt i 1591 og fullført i 1594 på rekninga til korporasjonen.

Under den engelske borgarkrigen var Exeter først på parlamentarianarane si side, i eit område som for det meste støtta rojalistane. Han vart teke av rojalistane den 4. september 1643, og var under kontrollen deira inntil kort tid før krigen slutta.

Industrien i byen utvikla seg raskt under den industrielle revolusjonen, blant anna fordi Exe flyt raskt og dermed gav god tilgjenge til vasskraft. Då dampmaskiner erstatta vasskraft var Exeter for langt unna kol- og jerngruvene til å kunne konkurrere, og han vart dermed mindre viktig. Dette tyder at veksten stoppa opp, men samstundes at den eldre busetnaden til byen vart betre verna enn i mange andre engelske byar av same storleik.

Exeter vart bomba av Luftwaffe under Baedekerblitzen i 1942. Omkring 160 000 m² av sentrum vart jamna med jorda av brannbomber. Mange historiske bygningar, mellom dei katedralen, vart skadd. Byen vart gjenoppbygd i 1950-åra. Ein ynskte å gjenskape det gamle preget, men mange meiner at arbeidet kunne vore gjort betre; mange skadde hus vart rivne i staden for å bli restaurert, og det vart etter mange si meining teke for store omsyn til kravet til den moderne trafikken. Før andre verdskrig vart byen rekna som den nest største arkitektoniske perla i det sørlege England, etter Bath, men han blir no omtalt som ein by med mange vene bygningar, og ikkje naudsynleg ein ven by. Turisme er ei viktig inntektskjelde, men byen blir på ingen måte dominert av turismen.

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Exeter