Eyre er ei kystelv som renn gjennom Gascognemyrane i Aquitaine sørvest i Frankrike.

Eyre
elv
Land  Frankrike
Nedslagsfelt 1 700 km²
Lengd 90 km
Middelvassføring 18,8 /s
Kjelde Sabres, Landes
 - høgd 82 moh.
Munning Bassin d'Arcachon
Kart
Eyre
44°38′54″N 1°00′17″W / 44.64833333°N 1.00472222°W / 44.64833333; -1.00472222
Wikimedia Commons: Eyre (river)

Elva vert danna der elvane Grande Leyre og Petite Leyre renn i hop. Grande Leyre er den største av dei to, og vert rekna som hovudleia, medan Petite Leyre vert rekna som ei sideelv. Merk at Leyre er ein variant av namnet Eyre.

Geografi endre

 
Eyre i Gascognemyrane

Tilsigsområdet til Eyre er ein del av Parc régional des Landes de Gascogne (Gascognemyrane nasjonalpark). Elva har sitt utspring i Plantiet-sumpen i Grande Lande nær Sabres i Landes.

Ho renn nordover og munnar ut i Bassin d'Arcachon, ei stor bukt langs kysten av Atlanterhavet i Pays de Buch i Gironde. Elvedeltaet dekkjer eit området på 30 km², og inneheld fugleparken Le Teich.

Eyre renn gjennom eit verna område, og breidda av ho er dekt av lauvskog. Enkelte stader møter greinene kvarandre og dannar ein «tunnel», i motsetnad til Landesskogen, som er planta med strandfuru.

Departement og byar endre

Eyre renn gjennom følgjande departement og byar:

Sideelvar endre

Den største sideelva til Eyre er Petite-Leyre. Ho har sitt utspring mellom Luxey og Retjons i Landes, og renn nordvestover til ho munnar ut i Grande Leyre nedanfor Pissos.