Fættenfjorden er ein 2 km lang sidefjord til Åsenfjorden ved Trondheimsfjorden. Fjorden startar mellom Blekkpynten og Paradisbukta, nordaust for Saltøya og stoppar inne i Fætten, sørvest i Vuddudalen i Levanger. På andre sida av Blekkpynten ligg Langråsa.

Ordet Fætten kjem frå det norrøne ordet fit, som tyder om lag 'flatvoren, frodig eng attmed vatn'.[1]

I Fætten, inst i fjorden, er det ein del hytter og ein campingplass.

«Tirpitz» i Fættenfjorden endre

 
«Köln» i Fættenfjorden i 1942. Bildet er teke av allierte 16. juli 1942.
 
Minnesmerke over dei allierte ved Fættenfjorden.

Det tyske slagskipet «Tirpitz» låg inne i Fættenfjorden med 2600 mann i ein periode under den andre verdskrigen frå 16. januar 1942 til 29. oktober 1943. I denne perioden gjennomførte det britiske Royal Air Force fire mislukka raid for å senkja skipet, og mista 12 bombefly.

I 1985 vart det avduka eit minnesmerke over dei allierte styrkane som fall under aksjonane i Fættenfjorden, og dei nordmennene som risikerte livet for å hjelpa. Ein kan sjå monumentet frå E6.

Kjelder endre

Fotnotar endre

63°33′39.30″N 10°55′24″E / 63.5609167°N 10.92333°E / 63.5609167; 10.92333