Föhr (frisisk Feer, dansk Før) er ei av Dei nordfrisiske øyane i Nordsjøen ved kysten av Tyskland. Ho er ein del av landkreis Nordfriesland i Schleswig-Holstein, og har eit areal på 82 km² og eit folketal på 8 800. Dermed er dette den største og mest folkerike tyske øya som ein ikkje kan nå med bil eller jernbane.

Föhr
Geografi
Stad Nordsjøen
Koordinatar 54°43′N 8°30′E / 54.717°N 8.500°E / 54.717; 8.500
Øygruppe Dei nordfrisiske øyane

Areal 82 km²

Administrasjon
Land Tyskland
Delstat
Landkreis
Schleswig-Holstein
Nordfriesland
Største busetnad Wyk

Demografi
Folketal 8 800
Folketettleik 101 /km²

Den einaste byen på øya er Wyk på søraustkysten, og er ein populær ferieby. I tillegg er det seksten små grender, tre av dei har svært gamle kyrkjer frå 1100- og 1200-talet. Ein stor del av innbyggjarane vest på øya snakkar ein lokal dialekt av frisisk språk i tillegg til tysk. Særeige for staden er at alle landsbynamna endar på -um, som t.d. Nieblum, Oevenum,, Utersum, Wrixum.

Øya har ferjesamband til Dagebüll på fastlandet, og til naboøya Amrum. I høgsesongen går det òg båtsamband til Helgoland, Sylt og Halligen.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre