Følblom

planteart
Følblom
Følblom
Følblom
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Rekkje: Karplantar Tracheophyta
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Orden: Korgplanteordenen Asterales
Familie: Korgplantefamilien Asteraceae
Underfamilie: Cichorioideae
Slekt: Følblomslekta Leontodon
Art: Følblom L. autumnalis
Vitskapleg namn
Leontodon autumnalis

Følblom (Leontodon autumnalis) er ein art i korgplantefamilien. Arten er utbreidd i Europa, Asia og Nord-Afrika.

Planten vert kring 15 cm høg og har smale bukttagga eller oftast buktfinna snaue rosettblad. Han har snautt skaft, som øvst under korgene er tjukkare og ofte med nokre smale bladskjel. Korgdekkblada kan vere med eller utan hår. Følblomen har gule kroner, dei ytre kronene har raud stripe på undersida. Han har berre fjørstrålar i fnokken.

Følblom er ein omskifteleg art. Han blomstrar kring juli månad i beitemark og på vegkantar. Han er vanleg gjennom heile Noreg og er funnen opp til 1600 meter over havet i Jotunheimen.

Kjelder endre

  • Johannes Lid: Norsk-svensk-finsk flora. Det Norske Samlaget, 1985.

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Følblom
 
Wikispecies
Wikispecies har taksonomisk informasjon om Leontodon autumnalis