F. Scott Fitzgerald

Francis Scott Key Fitzgerald (24. september 189621. desember 1940) var ein irsk-amerikansk roman- og novelleforfattar. Han blir rekna som ein av dei fremste amerikanske forfattarane på 1900-talet.[1]

F. Scott Fitzgerald

F. Scott Fitzgerald (1937)
Statsborgarskap USA
Fødd 24. september 1896
Saint Paul i Minnesota
Død

21. desember 1940 (44 år)
Hollywood

Yrke skribent, romanforfattar, novelleforfattar, manusforfattar
Språk engelsk
Høgd 67 tomme
Religion Den romersk-katolske kyrkja
Far Edward Fitzgerald
Mor Mary McQuillan
Ektefelle Zelda Fitzgerald
F. Scott Fitzgerald på Commons

Liv endre

Fitzgerald blei fødd inn i ei øvre middelklassefamilie; foreldra heitte Mollie MacQuillan og Edward Fitzgerald.[2] Dei var av irsk avstamming og var praktiserande katolikkar. Fitzgerald gjekk frå slutten av 1908 på St. Paul Academy og frå 1911 til 1913 på den katolske Newman School i Lakewood, New Jersey, deretter på Princeton University. På Princeton eigna han seg til skrivinga og forsømde studiane fullstendig. Utan utsikt til å få nokon avslutningsgrad meldte han seg til militærteneste under den første verdskrigen, men krigen enda kort tid etter at han verva seg.[3] Forlaget Scribner viste interesse for romanmanuset The Romantic Egoist, men kravde at han omarbeidde det. Medan han var stasjonert i Alabama forlova Fitzgerald seg med Zelda Sayre (1900–1948).

Scribner gav ut den første romanen til Fitzgerald, This Side of Paradise (1920), og den blei en straks ein stor suksess. Fitzgerald og Sayre gifta seg i april 1920, åtte dagar etter boka kom ut. Dei fekk eit barn saman, Frances Scott Fitzgerald (1921–1986), som var ein kjend journalist som blant anna skreiv for The Washington Post og The New Yorker.

Fitzgerald-paret vart straks midtpunktet for ei stor offentleg interesse og oppførte seg deretter. Dei var innbegrepet på the Jazz Age, noko tittelen på novellesamlinga Flappers and Philosophers (1920) speglar. Den andre romanen, The Beautiful and Damned, og novellesamlinga Tales of the Jazz Age kom ut i 1922. Fitzgerald tente godt på å selje forteljingar til leiande magasin som The Saturday Evening Post, og det var berre dette som gjorde det mogeleg for paret å halde fram med å leve på høg fot, dei levde heilt i stil med klisjeen Roaring Twenties mellom Den første verdskrigen slutta i 1918 og Den store depresjonen etter krakket i 1929.

Mange av forteljingane og dei beste romanane til Fitzgerald viser at han ved sida av Ernest Hemingway, Gertrude Stein, John Dos Passos og William Faulkner var ein av dei viktigaste representantane for amerikansk modernisme. Han var òg lekamleggjeringa av «jazz-alderen» og den tapte generasjonen; unge desillusjonerte amerikanarar som oppheld seg i Europa i 1920-åra der dei levde godt på ein sterk dollar i det krigsherja Frankrike.[4]

Det verket som Fitzgerald er best kjent for i dag, The Great Gatsby, kom i 1925. Boka selde ikkje godt i forfattaren si levetid, men likevel blei det sett opp ei teaterframsyning og laga ein første film basert på boka, og den strenge litteraturkritikaren T.S. Eliot lovpriste ho.

Romanane til Fitzgerald er alle i stor grad sjølvbiografiske, og romankarakterane er bygd opp med utgangspunkt i han sjølv, kona og venene deira; han nytta til og med heile passasjer frå kona sine dagbøker.

Fitzgerald var alkoholikar og tente etter kvart ikkje nok til å forsvare den kostbare livsstilen deira. I tillegg hadde kona psykiske problem som forverra seg dramatisk. Desse tilhøva prega i stor grad livet deira den andre halvdelen av 1920-talet. Ekteskapet vakla då Zelda forelska seg i ein fransk offiser. I 1930 og 1932 fekk ho alvorlege psykiske samanbrot og var i lange periodar innlagt på ein psykiatrisk institusjon, der ho i 1948 døydde under ein brann.

Etter at den ambisiøse romanen Tender Is the Night, (1934) ikkje fekk den forventa suksessen fall Fitzgerald i 1936-1937 fullstendig saman. Han drakk, stod i gjeld til oppunder øyrene og klarte ikkje skrive meir. Han leid av depresjonar og kalla seinare denne perioden for sin Crack-Up-fase. Frå 1937 til slutten av 1938 arbeidde han for MGM i Hollywood. I 1939 tok han til med Hollywood-romanen The Last Tycoon, men døydde 21. desember 1940 etter to kraftige hjerteinfarkt. Boka var ikkje ferdig, men på grunn av gode skisser klarte Edmund Wilson å fullføre den.

I 1970-åra gjorde den populære storfilmen The Great Gatsby at eit stort publikum gjenoppdaga boka, og den blei ein bestseljar over store delar av verda.

Verk endre

Romanar endre

  • This Side of Paradise (1920)
  • The Beautiful and Damned (1922)
  • The Great Gatsby (1925)
  • Tender is the Night (1934)
  • The Love of the Last Tycoon (1940)

Novellesamlingar endre

  • Flappers and Philosophers (1920)
  • Tales of the Jazz Age (1922)
  • All the Sad Young Men (1926)
  • Taps at Reveille (1935)
  • The Pat Hobby Stories (1962)
  • The Short Stories of F. Scott Fitzgerald (1989)

Andre verk endre

  • The Princeton Tiger (Humor Magazine, 1917)
  • The Vegetable (skodespel, 1923)
  • The Crack-Up (essay og forteljingar, 1945)
  • Winter Dreams (novelle)
  • Babylon Revisited (novelle)
  • Bernice Bobs Her Hair (novelle)
  • The Vegetable or From President to Postman (skodespel)

Utgåver på norsk endre

  • Den gule bil: historien om Jay Gatsby (Gyldendal, 1927)
  • Den store Gatsby (Gyldendal, fleire utgåver)
  • Den store Gatsby (Lydbokforlaget, 2004)
  • Den rike gutten i Den må du lese! (Gyldendal, 2002)
  • Noveller (Gyldendal, 1965/1974)

Referansar og fotnotar endre

  1. The golden moment: the novels of F. Scott Fitzgerald. MR Stern. 1970. University of Illinois Press
  2. arkivkopi, arkivert frå originalen 20. september 2017, henta 5. januar 2012 
  3. Petri Liukkonen (2008). «F(rances) Scott (Key) Fitzgerald». Arkivert frå originalen 26. januar 2010. Henta 25 October 2009. 
  4. Fitzgerald i This Side of Paradise: «Here was a generation... grown up to find all gods dead, all wars fought, all faith in man shaken.»

Literatur endre

  • Andrew Hook: F. Scott Fitzgerald : a literary life, Basingstoke [u.a.] : Palgrave Macmillan, 2002, ISBN 0-333-73848-9
  • Edward J. Rielly: F. Scott Fitzgerald : a biography, Westport, Conn. [u.a.] : Greenwood, 2005, ISBN 0-313-33164-2

Bakgrunnsstoff endre

  Engelsk Wikiquote har ei sitatsamling som gjeld: F. Scott Fitzgerald