Faaker See er ein alpeinnsjø nord for Mittagskogel i delstaten Kärnten i Austerrike. Elvene Wourounitza og Rotschitza gjev vatn til innsjøen. Wourounitza fører med seg fine kalkpartiklar ut i innsjøen, noko som gjev innsjøen den spesielle turkise fargen. Området er populært blant turistar og her finn ein både hotell, gjesthus, pensjonat og campingplassar med restaurantar, caféar og pubar. Her kan ein mellom anne vindsurfe, segle og spele golf, i tillegg til ei rekkje andre sportsaktivitetar. European Bike Week er eit årleg arrangement her første veka i september.

Faaker See
innsjø
Land  Austerrike
Tilsig Wourounitza, Rotschitza
Utløp Faaker Seebach
Opphaldstid 7,8 månadar
Høgd over havet 554 moh.
Lengd 2,3 km
Breidd 1,7 km
Areal 2,2 km²
Middeldjupn 16,1 m
Største djupn 29,5 m
Volum 0,3 km³
Koordinatar 46°34′40″N 13°55′30″E / 46.57778°N 13.92500°E / 46.57778; 13.92500
Øyar Faaker See-Insel
Byar Faak am See, Drobollach, Egg am See
Kart
Faaker See
46°34′40″N 13°55′30″E / 46.577777777778°N 13.925°E / 46.577777777778; 13.925
Wikimedia Commons: Faaker See

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Faaker See