Fagottkonsert av Mozart

Fagottkonsert i B-dur (K. 191), skriven i 1774 av Wolfgang Amadeus Mozart, er det vanlegaste stykket for fagott som er skrive.[1] Nesten alle profesjonelle fagottistar speler dette stykket ein eller annan gong i karrieren sin, og det er dette stykket som ofte vert spelt under prøvespelingar.

Fagottkonsert i B-dur
K. 191
Solokonsert av Wolfgang Amadeus Mozart
PeriodeWienerklassisismen
Komponert4. juni 1774
Typisk lengd18:08
Satsar/akter3
ToneartB-dur

Sjølv om det signerte manuskriptet er tapt, veit ein at det vart fullført den 4. juni 1774.[2]

Mozart skreiv fagottkonserten då han var 18 år gammal, og det var den første solokonserten han skreiv for eit blåseinstrument.[3] Sjølv om ein trur at det vart bestilt av den aristokratiske amatørfagottisten Thaddäus Freiherr von Dürnitz, som eigde 74 verk av Mozart, har ein få bevis som støttar dette.[4] Forskarar trur at Mozart kanskje skreiv tre fagottkonsertar, men at berre denne har overlevd.

Instrumentering endre

Konserten er skriven for solo fagott og eit orkester som består av to oboar, ein fagott, 2 valthorn i F og strykarar.

Struktur endre

Stykket er delt inn i tre satsar:

Kjelder endre

  • Denne artikkelen bygger på «Bassoon Concerto (Mozart)» frå Wikipedia på engelsk, den 13. juni 2011.
    • Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
  1. Eisen, Cliff: 'Concerto', Grove Music Online ed. L. Macy (Accessed 6 august 2006), <http://www.grovemusic.com.turing.library.northwestern.edu>
  2. Sleeve note of the Supraphon CD (SU 3678-2 001)
  3. Mozart, W. A.; Giegling, Franz (forord) (2003). Konzert in B für Fagott und Orchester. Kassel: Bärenreiter-Verlag. s. VII.  ISMN M-006-45809-7
  4. Waterhouse, William: 'Fagott', Grove Music Online ed. L. Macy (Accessed 6 august 2006), <http://www.grovemusic.com.turing.library.northwestern.edu>

Bakgrunnsstoff endre