Fagrskinna er ei soge om dei norske kongane frå Halvdan Svarte til 1177. Originaltittelen var Nóregs konunga tal som tyder 'Opprekninga av Noregs kongar'. Soga er truleg skriven av berre éin person, men kven dette er, er ikkje kjent. Forfattaren må ha vore islending, men soga kan vere skriven i Trøndelag.

Soga er sett saman i 1220-åra. Ho har namn etter eit handskrift islendingen Thormod Torfæus, som arbeidde på Kristian V si tid, fann og kalla Fagrskinna fordi det var uvanleg fagert i innbinding og utstyr. Ein eldre versjon av same soga var òg kjend. Begge desse manuskripta gjekk tapt då det danske universitetsbiblioteket brann i 1728, og er i dag berre kjende gjennom avskrift frå 1600-talet.

Etter Snorres Heimskringla er Fagrskinna den mest utførlege kjelda for kunnskap om norsk høgmellomalder. Snorre Sturlason har truleg nytta Fagrskinna som kjelde då han skreiv om dei norske kongane før Heilag-Olav, medan Snorres Olavssoge har vore kjelde for Fagrskinna.

Kjelde endre

  • Johan Schreiner: Fagrskinna - En norsk kongesaga Fabritius & Sønner Oslo 1926