Fairground Attraction

Fairground Attraction var eit britisk folk- og softrockband. Det er best kjent for den store hitten sin «Perfect» og den etterfølgjande singlen «Find My Love», og for å ha danna byrjinga på karrieren til forsongaren sin Eddi Reader. I tillegg til Reader bestod gruppa av Mark E. Nevin, Simon Edwards og Roy Dodds.

Fairground Attraction
Aktiv1987–
Sjangerpop
PlateselskapRCA Records

Karriere endre

Fairground Attraction skreiv kontrakt med RCA 1987. Gruppa gav ut den fyrste singelen sin, «Perfect», i april 1988. Han vart ein umiddelbar suksess og nådde toppen av UK Singles Chart. Debutalbumet til gruppa, The First of a Million Kisses, var ei blanding av folkemusikk, jazz og country med cajun-element. Alle songane bortsett frå ein var skrivne av Mark E. Nevin. Albumet blei gjeve ut i 1988 etter suksessen med «Perfect», og debuterte på tredjeplassen på UK Albums Chart for heretter å toppa som nummer 2. Det selde seinare til platina. Det blei gjeve ut tre singlar til frå albumet: «Find My Love» (som nådde 7. plassen på UK Singles Chart), «A Smile in a Whisper» og «Clare».

Ved BRIT Awards i 1989 vann «Perfect» prisen for beste single og The First of a Million Kisses fekk prisen for beste album.

Sjølv om gruppa var populær i fleire europeiske land og turnerte i USA var den største suksessen hennar utanfor Storbritannia i Japan, der ho turnerte i 1989. Turneen førte fram til livealbumet Kawasaki Live in Japan 02.07.89.

Under innspelingane av det andre albumet til gruppa, i september 1989, oppstod det rykte om usemje, og i januar 1990 gjekk gruppa i oppløysing. Albumet Ay Fond Kiss kom ut i 1990, og songen «Walkin' After Midnight» blei den siste singelen hennar. Dette var ein coverversjon av Patsy Cline sin hitt frå 1957. Albumet bestod av b-sider og anna materiale som var spelt inn til det fyrste albumet, ein del var det frå samarbeid av berre to medlemmer av gruppa. Materialet til det andre albumet blei seinare spelt inn av Nevin med Brian Kennedy under namnet Sweetmouth.

Eddi Reader starta ein solokarriere, medan Mark E. Nevin samarbeidde med Morrissey, og var med på å skriva det meste av albumet hans Kill Uncle[1] log fleire seinare songar i rockabillystil.

Tittel Albumdetaljar Høgaste hitlisteplassering Sertifiseringar
UK



[2]
AUS



[3]
The First of a Million Kisses
  • Utgitt: 1. mai 1988
  • Plateselskap: RCA
  • Format: CD, kassett, vinyl
2 9
  • UK: Platina
Ay Fond Kiss
  • Utgitt: 30. juli 1990
  • Plateselskap: RCA
  • Format: CD, kassett
55
"—" Nådde ikkje hitlistene.

Kjelder endre

  1. Kill Uncle Arkivert 21. februar 2016 ved Wayback Machine.. All Music
  2. «Fairground Attraction discography». chartstats.com. Arkivert frå originalen 14. oktober 2012. Henta 9. oktober 2014. 
  3. Australian (ARIA Chart) peaks: