Fallen i kamp (killed in action - KIA) er eit uttrykk vanlegvis nytta i militæret for eigne soldatar som er drepne av fienden.[1] Folk som er falne i kamp har ikkje døydd av ulukker som bilulukker eller andre «ikkje-fiendtlege» hendingar eller terrorisme.[2][3]

Mellombels grav for ein amerikansk maskingeværsoldat som fall i kamp under operasjon Overlord.

I tillegg kan ein person verte omtalt som fallen i kamp om han har døydd på slagmarka, medan døydd av skade viser til ein person som har levd lenge nok til å ha fått medisinsk behandling.

NATO-definisjon endre

NATO nyttar KIA (killed in action) for personar falne i kamp, og DWRIA (died of wounds received in action) for personar som har døydd av skade. For sistnemnte vert òg forkortinga DOW ofte nytta av historikarar og militære.

Sjå òg endre

Kjelder endre

  1. «U.S. Department of Defense Dictionary: killed in action». Arkivert frå originalen 27. september 2012. Henta 3. januar 2010. 
  2. «The 'Lectric Law Library's Legal Lexicon om Justifiable Homicide». Arkivert frå originalen 10. juni 2008. Henta 3. januar 2010. 
  3. «Nolo Press Legal Definition Homicide». Henta 3. januar 2010.