Falukorv er ei svensk pølse som blir brukt i mange matretter. Namnet har vore verna sidan 1973.[1] Falukorv må innehalde minst 40 prosent storfe- og svinekjøtt.[2] Mange falukorver inneheld likevel meir kjøtt enn det.[3]

Falukorv.

Soge endre

Ved Falu koppargruva nytta ein liner av tvinna oksehud for å heise opp koparmalmen. Oksane kom mellom anna frå bland Småland i store konvoiar og vart slakta då dei kom fram til Falun. Kjøttet vart sidan salta og røykt. På 1500- og 1600-talet lærte tyskarane, som hadde stor innflytelse ved gruva, svenskane å laga god pølse av det røykte oksekjøttet.

På 1870-talet tok Anders Olsson, far til Melker Olsson, opp tradisjonen å røyka kjøtt i sitt enkle slakteri. Den røykte pølsa vart utvikla rundt 1890 til falukorv. Melkers er enno i dag aleine om å tilverke falukorv i Falun.

Namnevernet i EU, der falukorv vart godkjent som Garantert tradisjonell spesialitet (GTS), trødde i kraft i 2001 og erstatta det tidlegare svenske vernet.[4]

Kultur endre

I samband med det årlege Falukalaset feirar ein «Falukorvens dag» i Falun. I 1992 blei verdas lengste falukorv på 82,6 meter stilt ut her.[5]

Den svenske forfattaren Hasse Alfredsson har laga den kjende songen «Jag vill ha blommig falukorv till lunch, mamma!».[6]

Sjå òg endre

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Falukorv