Fannrem er eit tettbygd område i Orkland kommune. Det ligg fem kilometer sørom kommunesenteret Orkanger, men det er i ferd med å verte samanhengande busetjing mellom dei to stadene. Orkanger/Fannrem er difor rekna som ein tettstad med 9 085 innbyggjarar per 1. januar 2023.

Fannrem
stad
Land  Noreg
Fylke Sør-Trøndelag
Kommune Orkland
Del av Orkanger/Fannrem
Postnummer 7320 FANNREM
Preposisjon Fannrem
Kart
Fannrem
63°15′59″N 9°48′56″E / 63.266388888889°N 9.8155555555556°E / 63.266388888889; 9.8155555555556

I Fannrem sentrum er det stort sett butikkar og servicenæring, men staden har òg ein stor industriarbeidsplass, Orkel AS, som lagar landbruksmaskiner. På Fannrem ligg òg Norgesfôr Orkla, ei kornmølle som tek imot korn frå hele regionen.

Orkdal kyrkje

Orkdal kyrkje frå 1893 ligg på Fannrem.

Fannrem er heimstaden til Nils Arne Eggen og Roar Ljøkelsøy.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre