Farmakonísi (gresk Φαρμακονήσι, tyrkisk Bulamaç Adası) er ei øy i Hellas som høyrer til Dodekanesane i Egearhavet. Ho vert òg stundom kalla Farmakos, Farmako eller Farmakousa.[1] Ho ligg midt i øygruppa utanfor austkysten av Tyrkia. I nord ligg øya Agathonísi, i vest øyane Lipsí, Pátmos og Léros, og i sør øyane Kálymnos og Psérimos.

Farmakonísi
øy
Land  Hellas
Del av Dodekanesane
Areal 3,866 km²
Folketal 0
Kart
Farmakonísi
37°17′24″N 27°05′06″E / 37.29°N 27.085°E / 37.29; 27.085
Wikimedia Commons: Farmakonisi

Farmakonísi er 38,8 km² stor og er kjend for sitt rike planteliv. Øya høyrer til Léros kommune. I dag har øya berre 10 innbyggjarar (2011).[2]

Plutarkh skriv i Parallelle liv at då Julius Cæsar var ung reiste han til Litleasia og vart kidnappa av sjørøvarar. Han vart halde fange på Farmakonísi i 38 dagar. Med han var fanga lovde han at om han kom fri ville han kome tilbake å ta livet av alle sjørøvarane. Etter å ha betalt dobbelt så mykje lausepengar som kidnapparane kravde (han meinte det opphavlege beløpet var for lite for ein som han) og slapp fri, sende han ein flåte tilbake til øya og fekk alle sjørøvarane krossfesta.

Kjelder endre

  1. arkivkopi, arkivert frå originalen 17. desember 2007, henta 5. august 2007 
  2. Folketeljing 2011, revidert

Bakgrunnsstoff endre


37°17′16″N 27°05′07″E / 37.28778°N 27.08528°E / 37.28778; 27.08528