Fart er storleiken til hastigheit. I fysikken skil ein altså mellom fart som er ein skalar storleik og hastigheit som er ein vektoriell storleik. Farten er definert som strekning delt på eit uendeleg kort tidsintervall. SI-eininga for fart er meter per sekund, men farten vert òg ofte målt i kilometer per time (km/h), og til sjøs òg i knop, som er éi nautisk mil (1852 m) per time. Samanhengen mellom desse storleikane er 1 m/s = 1,94 knop = 3,6 km/h.

Strekninga s som blir tilbakelagt på ei tid t delt på denne tida, v=s/t vert kalla gjennomsnittfart eller middelfart.[1]


Matematisk endre

Matematisk vert det skrive

 

der farten v er definert som storleiken til hastigheita v, som igjen er den deriverte av posisjonen r med omsyn til tida.

Om s er strekninga som er tilbakelagt i løpet av tida t, vert farten lik den tidsderiverte av s:

 

Om farten er konstant (det vil sei konstant fart i ei rett linje), så kan dette forenklast til

 

Middelfarten over eit endeleg tidsintervall er den totale strekninga tilbakelagt dividert på tida det tok.

Ein syklist som syklar 30 meter i løpet av ei tid på 2 sekund, har til dømes ein fart på 15 meter per sekund. Lekamar i rørsle har ofte varierande fart (ein bil som køyrer langs ein veg kan køyre i 50 km/h, så sakke ned til 0 km/h og så auke på att til 30 km/h).

Høgaste og relativ fart endre

Den absolutt raskaste farten som energi og informasjon kan bevege seg er, i følgje den spesielle relativitetsteorien, farten av lyset vakuum c = 299,792,458 meter per sekund, omtrent 1079 million kilometer per time (671,000,000 mph).

All rørsle er relativt, som vil sei at ein alltid samanliknar fart i forhold til noko. I dagleglivet er det som regel snakk om fart i forhold til jordoverflata. Eit unntak er lysfarten som er like stor for alle observatørar, same korleis dei flyttar seg i høve til kvarandre.

Eit fly vert målt i forhold til lufta kring seg og vert avgjort av pitotrøyr. Eit fly kan derfor ha stor fart i forhold til lufta, men stå nær stille eller til og med flytte seg bakover i forhold til bakken.

Dopplereffekten er eit fenomen at reflekterte elektromagnetiske bølgjer frå ein lekam endrar frekvens avhengig av om lekamen nærmar seg eller fjernar seg. Dette kan òg nyttast til å finne fart, og er eit prinsipp som vert nytta i radarkontroll av motorkjøretøy.

Kjelder endre

  1. gjennomsnittsfart. (28.02.2013) I Store norske leksikon. Henta frå: http://snl.no/gjennomsnittsfart