Fatu Hiva, av og til Fatu Iva eller Fatuhiva (tidl. Isla Magdalenaspansk) er den sørlegaste av Marquesasøyane. Med Motu Nao som sin næraste nabo, er den også den mest isolerte av dei busette øyane.

Regnskog på Fatu-Hiva

På jakt efter paradiset: et år på en sydhavsø er tittelen på ei bok skrive av eventyraren Thor Heyerdahl, som skildrar han og kona Liv sitt opphald på øya i 1937-1938.

Geografi endre

Austkysten av Fatu Hiva er prega av tronge dalar. Desse dalane går heilt ned til sjøen, og gjer at ein må gå over fjellet eller bruke båt for å flytte seg mellom to dalar. Den største av desse dalane er ved Uia.

Vestkysten har to viktige bukter. Hana Vave (også kjent som Jomfrubukta eller Baie des Vierges) i nord, er eit av dei mest naturskjønne områda i sør i Stillehavsøyane, og den godt beskytta hamna til Omo‘a i sør. Det er også fleire små dalar mellom desse to.

Sentrum av øya er eit platå som stort sett er dekt av langt gras og pandanustre. I sør på platået, går ein fjellrygg, Tauauoho, sørover med sin høgste topp på 945 m. Denne er den høgste toppen på Fatu Hiva. I retning nordvest frå platået går ein fjellrygg Fa‘e One, med sin høgste topp på 820 m.

Demografi endre

I 2002 var folkesetnaden på Fatu Hiva litt under 600.

Folk på øya bur hovudsakleg i tre landsbyar:

Sjå også endre