Februarrevolusjonen

For februarrevolusjonen i Russland, sjå den russiske februarrevolusjonen.

Februarrevolusjonen er til vanleg nemninga på den revolusjonen som vart utløyst i Frankrike den 22. februar 1848.

Barrikadane i rue Saint-Maur under februarrevolusjonen
'Lamartine framfor rådhuset i Paris nektar å ta imot det raude flagget den 25. februar 1848'. Måleri av Henri Félix Emmanuel Philippoteaux.

Bakgrunn endre

Det hadde lenge vore misnøye med politikken som vart ført av «borgarkongen» Ludvig Philip, som kom til makta etter Julirevolusjonen i 1830. Vidare hadde det vore ei rad med dårlege år i Europa på 1840-talet, noko som førte til stor sosial uro mange stader på vinteren 1848. Før det braut laus i Frankrike, var det opprør på Sicilia og i Napoli, mellom anna.

Utvikling endre

Vinteren 1847-48 hadde kongen i Frankrike ført ein hard politikk mot meiningsmotstandarane sine, og den 22. februar vart det stor uro i Paris. Dagen etter tok studentar og arbeidarar til å byggje barrikadar kringom i byen, og tok i praksis over byen. Den 24. februar abdiserte kongen og innsette sonesonen sin, som var greve av Paris. Samstundes vart det oppretta ei provisorisk venstreradikal regjering, leia av diktaren Alphonse de Lamartine. I denne regjeringa var det og sosialistar med (Louis Blanc). Dette var byrjinga på den andre franske republikken, som vara til 1852.

Louis Blanc sytte for endringar i lovverket, gav alle borgarar lovfesta rett til arbeid, og allmenn røysterett. Etter valet i mars lei dei mest radikale kreftene nederlag, og Lamartine danna regjering. uroa i Frankrike heldt fram utover året, og det vart nye arbeidaropprør i juni. Desse vart slegne ned på. Louis Blanc hadde sett føre seg å danne "nasjonale verkstader", forløparar for arbeidarråda som seinare vart oppretta. Desse vart oppløyste til allmenn uro. Arbeidarane vart slegne hardt ned på, og 10.000 vart sende i fangenskap.

Utpå hausten vart den nye grunnlova vedteken, og parlamentet skulle frå no av ha eitt kammer i staden for to. Den første presidenten (og den einaste), vart Louis Napoleon Bonaparte, seinare Napoleon III. Den andre republikken stod ved lag til Louis Napoleon gjorde seg til keisar i 1852.

Verknad utanfor Frankrike endre

Den 3. mars braut det ut opprør i Budapest, noko som førte til delvis sjølvstyre for Ungarn frå Austerrike. Ti dagar etter, 13. mars kom det og til opprør i Wien, med krav om utvida borgarrettar. Den akademiske legionen tok makta i byen, og statsministeren Klemens von Metternich laut gå av. Den 18. mars vart det vedteke ny og friare forfatning i Austerrike. I August vart liveigenskapen opphevja i landet. Keisaren abdiserte.

Samstundes kom det til opprør i Berlin, og det vart bygd barrikadar. Kongen lova folket større politisk fridom, sytte for at soldatane drog seg utor Berlin, og overlet styret til ein borgargarde. For eigen artikkel om dette, sjå Den tyske revolusjonen i 1848.

I Schleswig-Holstein gjorde folket opprør og gjorde seg sjølvstendige frå Danmark. I april kom det og til opprør i Böhmen, og tsjekkarane vart lova større politisk fridom.

Venezia gjorde opprør 17. mars, og ein sjølvstendig venetiansk republikk vart oppretta (Daniele Manin). Lombardia gjorde opprør samstundes. Båe områda hadde vore delar av Austerrike til då. Det vart og opprør i Parma. Alle desse opprøra varsla Samlinga av Italia, som vart gjennomført etter 20 år med krig (1870).

Utover hausten kom det til reaksjon frå maktene mot alle krava, og innrømmingar om større fridom. Opprøra vart slegne attende mange stader, men opprøra varsla eit krav om meir demokrati i Europa.

Verknad i Noreg endre

Den største verknaden i Noreg kom gjennom agitasjonen til arbeidarhovdingen Marcus Thrane. Han samla dei første folkemøta, og vart teken og sett inn då reaksjonen kom.

Litteratur endre

Det kommunistiske manifestet av Karl Marx sprang rett ut av desse hendingane, og kommenterer dei første hands. Marx var sjølv til stades under opprøra i Tyskland.