Sjå òg operativsystemet Fedora

Fedora er ein hattetype kjend for ein brei brem, pull med ei renne midt oppa og klemt inn på kvar side framme på pullen. Hatten har ofte hatteband. Bremmen blir gjerne bretta ned framme. Fedorahattar er laga i mjuk filt, ofte av kaninhår. Dei er i dag hovudsakleg rekna som mannshattar, men oppstod som kvinnemote.

Fedorahatt frå den italienske produsenten Borsalino.
Foto: Kjetil Ree
Teikning av fedoraberar.

Trilby er ein hatt som liknar fedora, men har ein litt kortare brem. Medan fedoraen er knytt til USA, er trilbyen meir ein europeisk hatt.

Historie endre

 
Ortodokse jødar med fedorahattar.

Namnet fedora kjem frå skodspelet Fédora av Victorien Sardou frå 1882, der hovudpersonen, prinsesse Fédora spela av Sarah Bernhardt, brukte ein hatt av denne typen. Stykket blei først framført i USA i 1899, og hatten blei mote for kvinner først på 1900-talet. Etterkvart blei han teken over av menn. Hatten var stilig, verna mot vêr og vind, og var praktisk i og med at han kunne rullast saman når ein ikkje brukte han. I løpet av 1950- og 1960-talet gjekk hatt av moten, og fedoraen blei berre brukt av eldre eller svært tradisjonelle menn. Ortodokse jødar, særleg haredim, heldt fram med å bruka han.

 
Terry Pratchett er kjend for å opptre med fedora.

Mot slutten av 1900-talet blei fedora teken i bruk igjen og sett på som eit stilig hovudplagg. Nokre kjendisar, som Johnny Depp og Terry Pratchett, er kjende for å bruka hatten.

Fedora i populærkulturen endre

Hatten blei brukt i ei rekkje amerikanske filmar på 1940-talet, mellom anna av Humphrey Bogart i Casablanca, film noir- og nokre westernfilmar, sjølv om han var ein anakronisme i dei sistnemnde, som hadde handling frå førre hundreåret. Hatten, som også kunne nyttast til å skjula ansiktet til stuntmenn i actionfilmar, blei seinare brukt av figurar som Indiana Jones, The Blues Brothers og Freddy Krueger frå A Nightmare on Elm Street brukte fedora. Hatten er òg ei del av forkledinga til Fantomet.

Fedoraen er blitt knytt til kriminelle og etterforskarar frå Forbodstida, og kan vera del av eit «gangster»-kostyme.

Kjelder endre