Feillære eller feilteori er i statistikk læra om korleis feil og uvisse i variablar og funksjonar utartar seg. Når variablane er resultat av målte verdiar har dei uvisse knytt til målingane (til dømes kor nøyaktig instrumentet er) som kan forplante seg i kombinasjon med variablar i funksjonen.

Uvissa er vanlegvis definert av den absolutte feilen. Uvisser kan òg definerast av den relative feilenx)/x, som vanlegvis vert skriven som ein prosent.

Vanlegvis vert feilen til ein storleik, Δx, gjeven som eit standardavvik, σ. Standardavviket er den positive kvadratrota av variansen, σ2. Verdien av ein storleik og feilen vert ofte uttrykt som x ± Δx. Om den statistiske sannsynsfordelinga til ein variabel er kjend eller gått ut frå, er det mogeleg å få fram konfidensgrenser for å skildre området som ein trur den sanne verdien til variabelen ligg innanfor. Til dømes om konfidensgrensa er 68 % for ein variabel med ei normalfordeling ± eitt standardavvik frå verdien, så er det 68 % sannsyn for at den sanne verdien ligg i området x ± σ.

Om variablane er korrelerte, så må ein ta omsyn til kovarians.

Kjelder endre