Fela Kuti

nigeriansk musikar

Fela Kuti (15. oktober 19382. august 1997) var ein nigeriansk musikar og sosial opprørar. Han var leiande innan sjangeren afrobeat, som er ein type dansemusikk med innslag av joruba-musikk, rythm and blues og funk, og spelte i tillegg jazz.

Fela Kuti

Statsborgarskap Nigeria
Fødd 15. oktober 1938
Abeokuta
Død

2. august 1997 (58 år)
Lagos

Yrke saksofonist, orkesterleiar, songar-låtskrivar, dirigent, songar, komponist, aktivist
Språk engelsk, joruba, nigeriansk pidgin
Politisk parti Movement of the People
Far Israel Olutodun Ransome-Kuti
Mor Funmilayo Ransome-Kuti
Ektefelle ukjend verdi, Remilekun Kuti
Nettstad http://www.felaproject.net
Fela Kuti på Commons

Fela Kuti var son av ein nigeriansk minister, og det at han valde å satsa på musikken framføre ei akademisk utdanning vart ikkje godt motteke hjå familien hans. Då han var på turne i Sambandsstatane60-talet vart han kjend med personar frå den marxistiske borgarrettsrørsla Black Panthers, noko som vart avgjerande for det vidare livet hans. Då han kom attende til Nigeria var han vorten ein særs politisk artist. Gjennom 70-talet laga han over 30 plater der han kritiserte nigerianske styresmakter for mdllom anna korrupsjon og maktmisbruk. Kuti vart arrestert i 1984, og sat i fengsel i 20 månader, noko som berre gjorde han meir populær.

Kjelder endre