Eit felttog er ein større militær operasjon, og omgrepet blir somme gonger nytta om ein heil krig.

Opphavleg meinte ein med felttog alle operasjonar ein hær utførte frå han drog ut til den returnerte. Under «kabinettkrigane» i Europa (om lag 1650 til 1800), der ein ikkje kriga på vinteren, så handla eit felttog om alle operasjonane i et år, frå ein vinterleir til neste vinterleir. Sidan den tid har ein med felttog òg ofte meint alle dei geografisk avgrensa operasjonane til ein hær (for eksempel felttoget i Nord-Afrika) eller ein sjølvstendig del av krigen som heile. Ein krig består derfor nokre gonger av fleire felttog. Eit eksempel på at ein heil krig blir omtalt som eit felttog er felttoget til Napoleon i Russland i 1812.

Sjå òg endre