Fen stavkyrkje

tidl. stavkyrkje i Nome

Fen stavkyrkje eller Fenes stavkyrkje stod ved garden Søndre Fen eller Fen nedre (gnr. 25) søraust for Ulefoss i Nome kommune i Telemark. I dag står ein tidlegare skulebygning på staden.

Kyrkja var vigsla til erkeengelen Mikael den 31. juli i eit ukjent år. I jordeboka til Eystein Aslaksson er Fænes kirkia omtala[1] utan at det er ført prestbol til kyrkja. Ein trur at kyrkja var lagt ned på overgangen mellom 1400- og 1500-talet, sidan ho ikkje er omtala i Povel Huitfeldt si stiftsbok eller i Jens Nilssøn sine visitasskildringar.

Treverk frå kyrkja skal ha blitt brukt til å byggje eit loft på garden, og ein trur at det dreide seg om ei stavkyrkje, uten at skriftlege vitnesbyrd bekreftar dette eksplisitt.

Kjelder endre

Fotnotar endre

  1. Aslaksson, Eystein (1958). Huitfeldt-Kaas, H.J., red. Biskop Eysteins Jordebog (Den røde Bog). Fortegnelse over det geistlige Gods i Oslo Bispedømme omkring Aar 1400. H. 1 (2. utg.). Oslo: Børsum. s. 15. 

Bakgrunnsstoff endre