Feng Bin (fødd 3. april 1994) er ein kinesisk friidrettsutøvar som i 2022 vart verdsmeister i diskoskasting under VM i friidrett 2022 i Eugene.

Feng Bin


Statsborgarskap Folkerepublikken Kina
Fødd 3. april 1994 (30 år)
Penglai
Idrett friidrett
Tok del i

Friidrett under Sommer-OL 2016 – Diskoskast kvinner

Karriere endre

Feng vart nummer 8 både i OL-finalen 2016 i Rio de Janeiro og i VM-finalen 2017 i London. I 2019 sigra ho i asialeikane i Doha med eit kast på 65,36 meter, før ho same staden kom på femteplass i VM i friidrett 2019. I 2021 klarte ho ikkje kvalifisere seg til OL-finale i Tokyo. Under verdsmeisterskapen 2022 i Eugene smekka ho til med livsbeste 69,12 meter i den fyrste finaleomgangen, og viste dermed favorittane Sandra Perković og Valarie Allman til sølv- og bronseplass. Eitt år seinare vann Feng bronsemedaljen i VM i friidrett 2023 med 68,20 m, hennar livs nest beste diskoskast.

Kjelder endre