Fennoskandia viser til eit geografisk område sett saman av den skandinaviske halvøya, Finland, Kola og Karelen. Området er ei halvøy med avgrensing gjennom Nord-Russland frå Finskebukta mot Kvitehavet.

Karstkisse over Fennoskandia.

Fennoskandia som omgrep gjer nytte for seg i fagfelt der politiske grenser er uviktige, til dømes innan geologiske, arkeologiske og biologiske studiar.

Innanfor geologien blir omgrepet nytta på den delen av jordskorpa som dette området og delar av Austersjøen kviler på. Eit vanleg engelsk namn på dette geologiske fenomenet er the Baltic Shield.

I ein kulturell kontekst vil Fennoskandia vere meir eller mindre eit synonym for Norden for å legge vekt på dei nære samband mellom finsk, samisk og skandinavisk folk og kultur.

Bakgrunnsstoff endre