Ferdinand Hodler (14. mars 185319. mai 1918), var ein sveitsisk kunstmålar innanfor retningane symbolisme og Art Nouveau. Han er i dag den mest kjende sveitsiske målaren frå det 19. hundreåret.

Ferdinand Hodler

Statsborgarskap Sveits
Fødd 14. mars 1853
Bern
Død

19. mai 1918 (65 år)
Genève

Yrke kunstmålar, universitetslærar, designar, litograf, grafikar
Medlem av Berlin-secesjonen
Born Hector Hodler
Signatur
Ferdinand Hodler på Commons

Liv og gjerning endre

Hodler var frå Bern, der han voks opp i fattigdom. Faren døydde tidleg av tuberkulose. Mor hans gifta seg opp att, men døydde då Ferdinand var 12 år gammal. År 1868 reiste han til Thun, der han byrja i lære for å verte portrettmålar. 18 år gammal, etter å ha vore lærling hos landskapsmålaren Ferdinand Sommer, reitse han i slutten av 1871 til Geneve. Der levde han av å måle butikkskilt, medan han kopierte bilete i Rathmuseet. Der oppdaga han Barthélemy Menn og vart elev hos han. I dei følgjande åra studerte Hodler gamle meistrar og gjorde seg kjend med store, samtidige kunstnarar, til dømes Camille Corot og Gustave Courbet. 1878/79 var han ein tur til Spania, der han kjøpte verk av Velázquez. År 1881 arbeidde han og andre studentar på Menn-Bourbaki-panoramaet av historiemåleren Édouard Castres.

I 1879 vann Hodler ei tevling om å utsmykke våpenhallen til det sveitsiske nasjonalmuseet i Zürich. Temaet var sveitsarane sitt tilbaketog frå slaget ved Marignan i 1515. Hodler sitt utkast førte til den største kunsttvisten til dess i Sveits, då direktøren for nasjonalmuséet, Heinrich Angst, boikotta utkastet. Det enda med at ein delegasjon frå storrådet i Bern reiste til Zürich og fekk stoppa vidare arbeid med Hodler sitt utkast.

Midt på 1880-talet byrja Hodler å fjerne seg frå kunsten han tidlegare hadde laga. Frå 1885 utvikla han ein stil han kalla for parallellisme. I desember 1885 heldt han si første separatutstilling i Genève Cercle des Beaux-Arts. Den neste separutstillinga heldt han 1887 på Bern Kunstmuseum i fødebyen.

Natta, 1889

Måleriet Die Nacht (Natta) frå 1889 var Hodlers stor gjennombrot. Biletet, som vart utstilt ved Musée Rath i Geneve, og som behandla tema som søvn, død og seksualitet, vart stoppa i siste liten før utstillinga opna. Måleriet vart fordømt som umoralsk. I staden vart det organisert ei privat utstilling, og som vart ein stor suksess. Nye utstillingar, med medlajar, fann stad i Paris, München og Venezia.

I 1892 presenterte Hodler måleriet Die enttäuschten Seelen (Dei vonbrotne sjelene) for Rosenkorsordenen og slutta seg til brorskapet. Fram til 1900 heldt Hodler om lag 200 utstillingar. På verdsutstillinga i Paris i 1900 fekk Hodler gullmedalje for alle tre verka han stilte ut. Han var då ein av dei leiande målarane i Europa, og fekk kraftig forbetra sin til dess noko prekære økonomiske situasjon.

Landskap ved Genfersjøen, ca. 1906

Hodlers seine, lett ekspresjonistiske, og enkle landskapsmåleri har gjort han til ein av dei fremste målarane av det alpine landskapet. I Tyskland vart han frå 1914 utelaten frå nesten alle kunstnarforeiningar, etter han underteikna eit protestbrev mot at tysk artilleri hadde bomba katedralen i Reims. I heimlandet vart han berre meir omtykt. Så tidleg som i 1911 vart banksetlar påtrykt to av biletmotiva hans, og år 1913 vart han æresdoktor ved universitetet i Basel. Frå 1916 var han professor ved 'École des Beaux-Arts' i Genève. Året etter organiserte Kunsthaus Zürich den første, store retrospektive utstillinga av livsverket hans.

Hodler døydde i 1918 i Genève, ein by han året før vart gjort æresborgar av.

Måleriet Genfer See von Chexbres aus (Genfersjøen frå Saint-Prex) (1911) vart i 2007 omsett for 10,9 millionar sveitserfranc, den høgste auksjonsprisen for eit måleri av ein sveitsisk målar.

Tømmerhoggaren, 1910

Utvalde verk endre

  • 1878: Am Ufer des Manzanares, 44 x 65 cm. Geneve, Musée d’art et d’histoire
  • 1886: Das mutige Weib, 99 cm x 171,5 cm. Basel, Kunstmuseum Basel
  • 1890: Mädchen im Hemd, am Fenster. Neuss, Clemens-Sels-Museum
  • 1892: Die Lebensmüden, 149,7 x 294 cm. München, Neue Pinakothek
  • 1895: Abend am Genfersee von Chexbres aus, 100 x 130 cm. Zürich, Kunsthaus Zürich
  • 1897: Der Traum. Privatsamling
  • ca. 1906: Landschaft am Genfer See, 59,8 x 84,5 cm. München, Neue Pinakothek
  • 1907: Der Silvaplanersee im Herbst, 71 x 92,5 cm. Zürich, Kunsthaus
  • 1909: Femme joyeuse, 127 × 74 cm. Privateigd
  • Bildnis Madame de R.
  • ca. 1911: Genefer See von Chexbres aus, 71 x 90 cm.
  • 1911: Genfer See mit Jura. St. Gallen, Kunsthalle
  • 1911: Das Breithorn, 70 x 77 cm. St. Gallen, Kunstmuseum
  • ca. 1913: Thunersee mit Stockhornkette. Privateigd
  • 1913: Einigkeit (Schwur). Hannover, Neues Rathaus
  • 1917: Landschaft bei Caux mit aufsteigenden Wolken, 65,5 x 81 cm. Zürich, Kunsthaus

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Ferdinand Hodler