Ferdinandea er ei undersjøisk vulkansk øy som er ein del av den nyleg oppdaga undervassvulkanen Empedocles, om lag 30 km sør for Sicilia. I dag er ho berre eit undersjøisk fjell, men har fleire gonger stige opp av havet under utbrot, før erosjon har ført til at ho har forsvunne i havet igjen. Sist gong ho steig opp av havet var etter eit utbrot i 1831. Dette utløyste ein strid om kven som skulle eige øya tidleg i 1832. Den franske geologen Constant Prévost vitja øya i lag med ein kunstnar i juli 1831. Han kalla øya Île Julia, fordi ho dukka opp i juli, og skreiv om funnet i Bulletin de la Société Géologique de France.[1]

Tilnærma plassering til Ferdinandea

Historie endre

 
Ferdinandea 1831
 
Ferdinandea i 1831

Ferdinandea ligg i eit vulkanområde kalla Campi Flegrei del Mar di Sicilia, mellom Sicilia og Tunisia i Middelhavet. Mange undersjøiske vulkanar finst i området, i tillegg til nokre vulkanske øyar som Pantelleria. Første gong vulkanske aktivitet ved Ferdinandea vart registrert var under den første punarkrigen og øya har dukka opp og forsvunne igjen fire eller fem gongar sidan den gong. Sidan 1600-talet har det vorte registrert fleire utbrot.[2]

1831 utbrotet endre

Ferdinandea sitt siste utbrot som ei øy var i juli 1831. Øya vart først gjort krav på av Storbritannia, som kalla øya Graham Island. Kongen av Napoli, Ferdinand II, som øya er kalla opp etter, sende skip til øya for å gjere krav på ho for Begge siciliar, medan den franske marinen òg gjekk i land på øya og kalla ho Julia. Spania gjorde òg krav på øya.

Etter utbrotet i 1831 auka øya til ein storleik på 4 km². Ho bestod derimot av laus tefra, som lett eroderte bort i bølgjene. Alt i januar 1832, kort tid etter utbrotet tok slutt, forsvann ho i havet igjen, før tvisten om suverniteten over øya vart avgjort. Utbrot i 1863 førte til at øya ei kort stund stakk opp av havet før ho igjen forsvann.

Nyleg aktivitet endre

Etter 1863 var vulkanen inaktiv i fleire tiår og toppen låg berre 8 meter under havflata. I 1986 vart ho visstnok tatt for å vere ein libyisk ubåt og bomba av U.S. Air Force på veg til å bombe Tripoli.[3]

I 2002 vart det registrert seismisk aktivitet rundt Ferdinandea og vulkanologar spekulerte i om dei stod over for nye episodar med utbrot. For å hindre ein ny strid om suvereniteten over øya, planta italienske dykkarar det italienske flagget på undervassfjellet.[4] Den seismiske aktiviteten har derimot ikkje ført til noko nytt utbrot så langt. I dag ligg toppen av Ferdinandea berre seks meter under vassflata.

Kjelder endre

  1. «Notes sur l’ile Julia pour servir a l’histoire de la formation des montagnes volcaniques» i Mémoires de la Soc. Géol. de France, 1835 ("L’exploration de île Julia" Arkivert 2006-05-01 ved Wayback Machine. og Geological Society, «From out the azure main» 31. januar 2003)
  2. Campi Flegrei Mar Sicilia Arkivert 2020-11-14 ved Wayback Machine., Smithsonian Global Volcanism Program, vitja 9. mai 2006
  3. The island that time remembered Arkivert 2007-09-30 ved Wayback Machine., Independent Online, vitja 9. mai 2006
  4. Volcano may emerge from the sea, BBC news online, vitja 9. mai 2006

Bakgrunnsstoff endre


37°10′N 12°43′E / 37.167°N 12.717°E / 37.167; 12.717