Ferskvassfisk er fisk som lever heile eller delar av livet sitt i ferskvatn, det vil seie i elver og innsjøar med salinitet på under 0,05 %. Tilhøva i desse miljøa skil seg frå dei i havet på mange punkt; den mest openberre skilnaden er det ulike saltinnhaldet. For å kunne overleva i ferskvatn treng fisken ei rekkje fysiologiske tilpassingar for å halda ein god balanse av salt i kroppen.

Karpe er ein ferskvassfisk som finst over nesten heile verda.
Foto: Leonard G.

41 % av alle kjende fiskeartar lever i ferskvatn. I Noreg er det registrert 42 ulike artar ferskvassfisk, men det finst ingen vassdrag kor ein finn alle saman. Dei mest artsrike fiskesamfunna finn me i låglandet på Austlandet. Langsmed norskekysten er økosystema hovudsakleg dominerte av anadrome fisk som laks og aure.

Fysiologi endre

Ferskvassfisk skil seg fysiologisk frå saltvassfisk på ei rekkje punkt. Gjellene deira må vera i stand til å sleppa gjennom vatn og samstundes hindra salta i kroppen i å diffundera ut. Skjela til fisken spelar òg ei rolle i denne prosessen; ferskvassfisk som har mista for mange skjel får overvekt av vatn i kroppen gjennom huda og svell opp.

Eit anna trekk ein gjerne ser i ferskvassfisk er eit sett velutvikla nyrer. Desse må vera store fordi det går mykje vatn gjennom dei, sidan fisken må skilja ut særs mykje vatn for å kunne oppretthalda vassbalansen i kroppen.

Fisk i elver og bekkar endre

 
Aure er den av ferskvassfiskane som opptrer i flest vassdrag i Noreg.
Foto: Eric Engbretson

Rennande vatn er viktige område for mange fiskeslag. I Noreg er særleg mange laksefisk avhengige av opphald i bekkar og elver tidleg i livet, før dei vandrar ut i havet eller til ein innsjø.

Økosystemet i rennande vatn endre

Tilhøva i rennande vatn er i hovudsak prega av vasstraumane som går der. Vassføringa er størst øvst i elva, noko som gjer at mesteparten av det permanente livet i rennande vatn er å finna langsmed botnen. Livet i ei elv kjem veldig an på kva slags substrat ein finn i botnområda - sand og grus er viktig for artar som grev mykje, medan andre grupper er avhengige av akvatisk planteliv.

Norske elver og bekkar er som regel såkalla heterotrofe økosystem, det vil seie at det vert forbrukt meir næring enn det som vert produsert av plantane der. Dei er såleis avhengige av tilflytt organisk materiale, nedfall frå tre og liknande.

Fisken ein finn i rennande vatn er anten straumlinjeforma for å unngå påverknad av straumen (mellom anna dei fleste laksefisk), eller lever flattrykt langsmed botnen (steinsmett). Om dei et mest botndyr eller drivande plankton varierer frå vassdrag til vassdrag.

Fisk i innsjøar endre

Innsjøar inneheldt ofte meir komplekse fiskesamfunn enn det me finn i rennande vatn. Dei er òg i mange høve enklare system å undersøka, sidan dei ikkje er like opne for ytre påverknad. Korleis fiskesamfunna ser ut varierer frå vatn til vatn, og er avhengig av mellom anna næringstilgang, geografi, vasskjemi og temperatur.

Norske innsjøar er for ein stor del relativt små i areal, men er likevel ofte ganske djupe med ein klart definert pelagisk sone. Mesteparten av fisken som lever her beitar anten på dyreplankton eller botnlevande virvellause dyr, som igjen er avhengig av lokalt eller tilført plante- og bakteriemateriale. Dyr frå områda rundt sjøen kan òg bli utnytta, til dømes i form av insekt som landar på vassflata.

I innsjøar finn ein næringsspesialistar i større grad enn det ein gjer i rennande vatn. Døme på dette kan vera reint fiskeetande artar som gjedde og gjørs.

Næringsfattige og næringsrike vatn endre

Dei fleste norske sjøar er næringsfattige eller oligotrofe vatn. Det er hovudsakleg fosfatinnhaldet som avgrensar primærproduksjonen der, men òg faktorar som kort produksjonssesong grunna isdekke delar av året. Ofte er vatn i låglandet meir næringsrike enn fjellvatn.

I Europa er det ein tendens til at fiskesamfunna i næringsfattige vatn gjennomgåande er dominerte av laksefisk. Etter kvart som vatna vert rikare får me større tettleikar av åborfisk, og i dei heilt eutrofe vatna er det ein overvekt av karpefisk. Ein grunn til dette kan vera at mange karpefisk-artar, til dømes mort, brasme og vederbuk, er viktige når det kjem til å utnytta daudt organisk materiale og såleis syta for at ressursar som elles ikkje ville blitt brukt av store dyr vert spreidd ut i sjøen. Dette skjer både gjennom ekskresjon frå fisken si side og via oppkvervla fosfat frå botnsedimenta.

Topografien til sjøen er òg viktig for å sjå kva slags fisk ein finn der. I grunne sjøar dominerer fisk som lever på botndyr, medan økosystema i djupare sjøar er meir basert rundt plankton. Somme fiskeartar vekslar mellom botndyr og plankton til ulike stadium i livet eller tider på døgeret.

Vandrande fisk endre

 
Stør finst både anadromt og ferskvasstasjonært.
Foto: «Cacophony»

Mange fisk formeirar seg i ferskvatn, men lever mesteparten av vaksenlivet i havet. Dette kallast anadrom fisk, og omfattar mellom anna laks, sjøaure, trepigga stingsild og sjørøye. Nokre fiskeslag vert òg klekt i saltvatn og lever heile eller delar av vaksenlivet sitt i ferskvatn; til dømes ål og skrubbeflyndre.

Artar som vandrar mellom saltvatn og ferskvatn må ha tilpassingar til begge miljøa; når dei er i saltvatn må dei halda saltkonsentrasjonen i kroppen lågare enn i omgjevnadane, og vice versa. Mange fisk løyser dette problemet ved å ha ulike habitat på ulike livsstadium; både ål, anadrom laksefisk og havniauge har ulik salttoleranse til ulike tider i livet.

Bakgrunnsstoff endre

Kjelder endre

  • Borgstrøm, Reidar & Hansen, Lars Petter (red): Fisk i ferskvann - et samspill mellom bestander, miljø og forvaltning, Landbruksforlaget 2000
  • Jonsson, Bror: «Fiskene» i Norges dyr - Fiskene 1, Cappelen 1992