Fethiye (gresk Μάκρη, Makri)[1] er ein by og distrikt i provinsen Muğla i Egearregionen i Tyrkia med kring 70 000 innbyggjarar.

Fethiye
by
Land  Tyrkia
Region Egearregionen
Provins Muğla
Folketal 68 000
Tidssone EET (UTC+2)
 - Sommartid EEST (UTC+3)
Postnummer 48x xx
Retningsnummer 00 (90) 252
Bilnummer 48
Kart
Fethiye
36°37′14″N 29°06′51″E / 36.620555555556°N 29.114166666667°E / 36.620555555556; 29.114166666667
Wikimedia Commons: Fethiye
Nettstad: www.fethiye.bel.tr

Dagens Fethiye ligg der Telmessos låg i antikken, og ein kan sjå ruinane etter byen, som det helleneistiske teateret.

Telmessos var den viktigaste byen i Lykia med ei historie som kan daterast attende til 400-talet fvt. I følgje segnet gjekk Aleksander den store i land ved Telemessos med flåten sin då han skulle invadere Anatolia vinteren 334–333 fvt. Kommandøren på flåten, Nearkhos, bad kong Antipatrides av Telmessos om at musikarane og slavane hans skulle få kome inn i byen. Dette fekk dei løyve til, me krigarane gøymde våpena sine i fløyteboksane og tok akropolisen under festiviteten den kvelden.

Byen voks kraftig på 1800-talet og hadde ein stor gresk folkesetnad på denne tida. Han vart då kalla Mákri på gresk. Etter folkeutveksklinga mellom Hellas og Tyrkia vart grekarane i Makri sende til Hellas, der dei grunnla byen Nea Makri (Ny-Makri) i Hellas.[1] Byen vart så busett med tyrkarar frå Hellas.

Fethiye har vorte råka av mange jordskjelv. Dei siste store var i 1957 og 1961 der 67 mista livet under skjelvet i 1957 og 3200 bygjingar vart øydelagde.[2]

Ölüdenizstranda i Fethiye i Tyrkia

Fethiye er ein kjend turiststad i Tyrkia i dag og er særleg populær om sommaren.

Klima endre

Fethiye har eit middelhavsklima med særs varme, lange og tørre somrar med ein middeltemperatur på 34 °C på dagtid, vintrar er kjølige og regnfulle med ein middeltemperatur på 16 °C på dagtid.

Vêrdata for Fethiye
Jan Feb Mar Apr Mai Jun Jul Aug Sep Okt Nov Des År
Gjennomsnittleg maks °C 16 16,3 18,9 22 26,4 31,4 34,3 34,4 31,3 26,5 21,1 17,2 24,7
Gjennomsnittleg min °C 5,3 5,7 7,2 10,1 13,8 17,6 20,3 20,2 16,9 13,1 9,1 6,6 12,2
Gjennomsnittleg nedbør mm 159,8 128,4 80,1 49 25,8 4,8 3,1 2,6 17,6 66,7 123,3 174,1 835,3
Gns. solskinstimar i månaden 145,7 156,8 213,9 237 300,7 342 359,6 344,1 294 244,9 165 127,1 2 930,8
Kjelde: Devlet Meteoroloji İşleri Genel Müdürlüğü [3]

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 Diana Darke, Guide to Aegean og Mediterranean Turkey, M. Haag, 1986, 296 pages. Page 165, [The town grew considerably at the end of the 19thC, og until the exchange of Graeco-Turkish populations in 1923 it had a large Greek population. Its name at that time was Makri in modern Greek. http://books.google.com/books?id=GCQEG97wu2MC&q=Makri+population+exchange&dq=Makri+population+exchange&hl=en&sa=X&ei=YKyYT6PBN-ry2QWvr9n8Bg&ved=0CEMQ6AEwAzgK]
  2. «Significant Earthquakes in Turkey, 1947 – 1970». Boğaziçi University, Kandilli Observatory og Earthquake Research Center, Istanbul – Turkey. Henta 25. februar 2011. 
  3. İl ve İlçelerimize Ait İstatistiki Veriler- Meteoroloji Genel Müdürlüğü. Dmi.gov.tr. Retrieved on 2011-04-16.