Filip Vujanović

montenegrinsk politikar

Filip Vujanović (fødd 1. september 1954 i Beograd) er ein montenegrinsk politikar, og president i Montenegro frå 22. mai 2003 til 20. mai 2018. Før det var han fungerande president frå 25. november 2002. Han vann presidentvalet 11. mai 2003 med 63 % av røystene, etter at to tidlegare presidentval vart underkjente grunna for låg valdeltaking. Før det tredje presidentvalet vart lova endra, slik at ei valdeltaking på over 50 % ikkje lenger var naudsynt.

Filip Vujanović

Fødd1. september 1954
Beograd i Jugoslavia (no Serbia)
Statsborgar avMontenegro
Yrkepolitikar
Utdanna vedDet juridiske fakultet ved Universitetet i Beograd
Universitetet i Beograd
VervPresident i Montenegro
FøregangarDragan Kujović
VervStatsminister i Montenegro 1998-2003
FøregangarMilo Đukanović
EtterfylgjarMilo Đukanović
Alle verv
  • Montenegros statsminister (1998–2003)
  • Montenegros president (2003–2018)
  • Montenegros president (2002–2003)
  • President of the Parliament of Montenegro (2002–2003)
  • Minister of the Interior (1995–1998) Sjå dette på Wikidata

Vujanović var tilhengar av sjølvstende for Montenegro, og då landet erklærte sjølvstende i mai 2006 vart han den første presidenten i den sjølvstendige republikken Montenegro.

Den 6. april 2008 vart han gjenvald for ein ny presidentperiode med 51,9 % av røystene i første valomgang.

Spire Denne samfunnsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.