Ei finansboble er ein fase kor verdiar (som regel verdipapir til dømes aksjar) vert omsett til ein stadig stigande kurs, utan at den stadig stigande prisen reflekterer den eigentlege verdien. Medan bobla pågår, kan det vere vanskeleg for aktørane å innsjå at det verkeleg er tale om ei boble, fordi prisen på verdiane kan vere fundert på tilsynelatande rasjonelle argument om plutselege endringar i teknologi med vidare. Men er det ei boble, vil den eskalere til eit punkt kor den sprekk, og det kjem eit børskrakk.