Fingertare
Fingertare
Fingertare
Systematikk
Rike: Det gule riket Chromista
Rekkje: Ochrophyta
Underrekkje: Phaeista
Klasse: Brunalgar Phaeophyceae
Orden: Tare Laminariales
Familie: Laminariaceae
Slekt: Laminaria Laminària
Art: Fingertare L. digitata
Vitskapleg namn
Laminaria digitata

Fingertare er ein brunalge som er utbreidd langs heile kysten i Noreg.

Utsjånad endre

 
Laminaria digitata

Stor brunalge. Nedre del er fleirårig og femnar ein jamtjukk, glatt, svært bøyeleg og seig stilk, som er festa til underlaget med eit velutvikla hefteorgan. Stilken kan verte 2-3 m lang. Øvre del femnar eit glinsande blankt blad, som kan verte om lag 1,5 m langt og 0,5 m breitt, og som har lange reimliknande flikar. Bladet vert fornya kvart år nedanfrå. Ved stilken er bladplata kileforma eller avrunda. Bladet si form kan variere mykje frå stad til stad.

Utbreiing endre

Planta finst langs det nordvestlege Atlanterhavet frå Grønland sørover til Cape Cod og langs det nordaustlege frå nordkysten av Russland og Island sørover til Frankrike.

Førekomst i Noreg endre

Arten finst på sterkt utsette stader nedanfor sagtangbeltet, og veks på 1-20 m djupn. Utbreidd langs heile kysten, men sluttar å vekse når sjøtemperaturen vert høgare enn 18° C. I kjølige somrar kan planta vekse langt innover i fjordane, i varme somrar vert taren pressa utover att.

Bruk endre

Økonomisk verdifull alge fordi celleveggane inneheld alginsyre, som vert brukt til å framstill alginat. Desse vert brukte i næringsmiddelindustrien som tjukningmiddel i syltetøy, iskrem, tannpasta m. m. Tidlegare brende ein fingertare og framstilte soda og jod av asken. Taren vart også samla inn og turka, og brukt som gjødsel.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre