Finlandshette eller balaklava er eit hovudplagg som dekkjer heile hovudet bortsett frå fjeset, eller mange gonger berre viser augo. Hettene er tradisjonelt av ull, men kan òg lagast av andre material. Dei kan normalt rullast opp slik at dei kan brukast som ei vanleg lue dersom det ikkje er naudsynleg å dekka heile hovudet.

Ulike typar bruk av finlandsshette.
Amerikansk marinesoldat i Afghanistan med finlandshette.
Demonstrant med finlandshette.

I Noreg vert plagget gjerne kalla finlandshette. Grunnen til dette er at hovudplagget vart strikka i Noreg og sendt til Finland under Vinterkrigen i 1939/1940.[treng kjelde] Ordet balaklava er blitt meir vanleg i Noreg, særleg etter at den finske ambassaden oppfordra avisene til ikkje å kalla dei finlandshetter, fordi hettene gjerne vert forbunde med forbrytarar og politiske aktivistar som vil skjula identiteten sin. Balaklava-namnet kjem frå byen Balaklava på Krimhalvøya. Under Krimkrigen strikka engelske kvinner mange slike hetter for å hjelpa soldatane til å halda ut i kulda.

Mange spesialstyrker, både innan militæret og politiet, brukar òg hettene. Plagga er då gjerne laga i spesielle flammehemmande material som vernar brukaren både mot flammar og mot å bli attkjend.

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Finlandshette