Finnmark fylke

fylke i Noreg

Finnmark (nordsamisk Finnmárku,[1] kvensk Finmarkku[2]) er eit norsk fylke. Det er det nordlegaste og største fylket i flatevidd, men det minste i folketal. Det grensar til Troms fylke i vest, til Lappland (kommunane Utsjoki, Inari og Enontekiö) i Finland i sør og til Murmansk oblast i Russland i aust. Fylket er heile 12,9 % større enn Danmark. Finnmarksvidda dekkjer 36 % av flatevidda. Frå 2020 til 2023 var Finnmark ein del av Troms og Finnmark fylke. Finnmark blei eit eige fylke igjen frå og med 1. januar 2024.

Finnmark fylke
Finnmárkku fylka
fylke
Fylkesvåpen
Land  Noreg
Del av Nord-Noreg
Adm.senter Vadsø
Areal 48 616 km²
 - land 45 984 km²
 - vatn 2 632 km²
Folketal 75 053  (1. januar 2024)
Folketettleik 2 / km²
Målform nøytral
Fylkesordførar Hans-Jacob Bønå (H)
Fylkesnummer 56
Kart
Finnmark fylke
70°07′09″N 27°35′16″E / 70.11907°N 27.58779°E / 70.11907; 27.58779
Wikimedia Commons: Finnmark
Nettstad: www.ffk.no

Namnet «Finnmark» kjem av finn, ordet dei norrøne brukte for samar, og mǫrk, som tydde ‘grenseområde, vilt område’.[3] Samane sin «hovudstad», og sete for Sametinget, er i Karasjok i Finnmark.

Historie endre

Finnmark vart etter måten seint ein del av Danmark-Noreg. Sjølv om Vardøhus festning vart bygd som ei markering av dansk kontroll, vart samane i området lenge skattlagt frå tre land. På grunn av grensetvistar med Sverige og Russland har politikken andsynes samane alltid vore ein viktig del av norsk utanrikspolitikk i nord.

Området vart fyrst erklært som ein norsk kronkoloni, og var i til skilnad frå resten av riket direkte underlagt kongen i København. Etter oppløysinga av personalunionen med Danmark på byrjinga av 1800-talet vart det oppgradert til amt og ein integrert del av kongeriket Noreg. Frå 1870 hadde Finnmark telegrafisamband med resten av Noreg.[4]

Fylket vart hardt råka av den andre verdskrigen. Tyske styrkar erobra Noreg i 1940. Tyske okkupasjonsstyrkar vart jaga frå grensa til Russland i oktober 1944, og Kirkenes vart erobra av sovjetiske styrkar 25. oktober 1944. Tyskarane vedtok at innbyggjarane i Finnmark skulle dra sørover, og tvinga dei som ikkje ville til å dra. Då dei tyske styrkane trekte seg tilbake bruka dei brentjordtaktikken, som gjekk ut på å hindra alle ressursar i å tilfalla den raude arméen. Dette innebar at mesteparten av bygningsmassen og infrastrukturen vart brend og øydelagd. Folkesetnaden på nær 60 000 vart tvangsflytt sørover; Den 28. oktober 1944 kom ordren om tvangsflyttinga (eller evakueringa) av folkesetnaden i Finnmark og Nord-Troms.[5] Ein tredel av folkesetnaden rømte unna tvangsflyttinga.[6]

Norske styrkar kom til Kirkenes frå Storbritannia 10. november 1944. Det blei gjeninnført eit sivilt norsk styre, og starta hjelpearbeid for folka som var att. Kort etter krigen sette Stortinget i gang eit omfattande arbeid med å gjenreise Finnmark. Det meste av dette blei gjort i løpet av 8–9 år.[6]

Finnmark fekk sitt første gymnas i 1948, noverande Alta videregående skole.[7]

Næringsliv endre

Tenestytande sektor er den viktigaste.

Fiske er framleis svært viktig, men ved utbygginga av Snøhvitfeltet utanfor Hammerfest tek Finnmark òg spranget ut i oljealderen. Somme har stor von om oljefunn i Barentshavet, berre ein får bore der.

Det er lenge sidan reindrift var den fremste næringa i fylket.

Etter nedgangen i folketalet og fiskeria, har olje og turisme vorte nye satsingsområde.

Kultur endre

Sidan Vardøhus festning, som framleis høyrer til Sjøforsvaret, vart bygd for 700 år sidan, har Finnmark vore ein del av Noreg. Vardø kommune kan vise fram fleire kulturskattar i fugleværet på Hornøya og «Lille-Moskva» (Kiberg). Vegen ut mot Hamningberg i Båtsfjord kommune liknar eit månelandskap.

Nordkapp er likevel målet for dei fleste turistane som gjestar Finnmark. Nordkapp har vorte enklare å vitje etter opninga av ny tunnel til Honningsvåg.

I vestfylket ligg Hammerfest, som reknar seg som den nordlegaste byen i Noreg og som er den nest største byen i fylket. I denne delen ligg òg Alta som mellom anna er kjend for helleristningane som er på UNESCO si liste over verdas kulturarv.

Finnmarksvidda i søraust har to tettstader, Kautokeino i vest, og Karasjok i aust. Sistnemnde er sete for Sametinget. NRK Sameradio sender òg derifrå.

Folkesetnad endre

Trass skattefrådrag og rabatt på studiegjelda, vil mange likevel sørover. For ein del er eit opphald i Finnmark einstydande med eit springbrett. Har ein ei bra utdanning kan ein snøgt få ei god stilling.

Finnmark er ikkje berre eit tospråkleg samfunn, men eit firespråkleg. Attåt norsk og samisk vert det òg snakka kvensk og russisk. Kvensk (eller finsk) vart i 1869 snakka av om lag ein firedel av innbyggjarane i Alta og Vadsø, og det var òg mange kvenar i Porsanger og Hammerfest. Særleg sterkt stod kvensk i Vadsø, som vart kalla kvenbyen. I dag står kvensk sterkast i Børselv i Porsanger (m.a. med eit Kvensk institutt og i Bugøynes i Sør-Varanger. Porsanger kommune er offisielt trespråkleg, men kvensk har ikkje den same støtta frå staten som det samisk har. Russisk har vorte eit nytt innvandrarspråk i Aust-Finnmark. I Kirkenes er mange gater skilta både på norsk og russisk. I grenseområdet mot Russland finn ein vegskilt på russisk.

Administrativ inndeling endre

 
Kommunar i Finnmark fylke. (Sidan 2020 har Kvalsund vore ein del av Hammerfest)

Folketala i oversynet under er frå SSB per 1. januar 2024.

Nr. Kart Namn Admin. senter Folkemengd Flatevidd
km²
Målform Distrikt
5634     Vardø Vardø 000000000001972.00000000001 972 000000000000600.4700000000600,47 nøytral Aust-Finnmark
5607     Vadsø Vadsø 000000000005807.00000000005 807 000000000001257.99000000001 257,99 bokmål Aust-Finnmark
5603     Hammerfest Hammerfest 000000000011338.000000000011 338 000000000002692.57000000002 692,57 bokmål Vest-Finnmark
5612     Kautokeino Kautokeino 000000000002848.00000000002 848 000000000009707.43000000009 707,43 nordsamisk / bokmål Vest-Finnmark
5601     Alta Alta 000000000021708.000000000021 708 000000000003849.42000000003 849,42 bokmål Vest-Finnmark
5614     Loppa Øksfjord 000000000000864.0000000000864 000000000000687.0600000000687,06 bokmål Vest-Finnmark
5616     Hasvik Breivikbotn 000000000000979.0000000000979 000000000000555.9100000000555,91 bokmål Vest-Finnmark
5618     Måsøy Havøysund 000000000001113.00000000001 113 000000000001134.41000000001 134,41 bokmål Vest-Finnmark
5620     Nordkapp Honningsvåg 000000000002951.00000000002 951 000000000000924.8300000000924,83 nøytral Vest-Finnmark
5622     Porsanger Lakselv 000000000003889.00000000003 889 000000000004872.69000000004 872,69 kvensk / nordsamisk / bokmål Vest-Finnmark
5610     Karasjok Karasjok 000000000002565.00000000002 565 000000000005452.91000000005 452,91 nordsamisk / bokmål Vest-Finnmark
5624     Lebesby Kjøllefjord 000000000001215.00000000001 215 000000000003457.84000000003 457,84 bokmål Aust-Finnmark
5626     Gamvik Mehamn 000000000001070.00000000001 070 000000000001415.27000000001 415,27 nøytral Aust-Finnmark
5630     Berlevåg Berlevåg 000000000000892.0000000000892 000000000001120.46000000001 120,46 bokmål Aust-Finnmark
5628     Tana Tana bru 000000000002807.00000000002 807 000000000004049.71000000004 049,71 nordsamisk / bokmål Aust-Finnmark
5636     Nesseby Varangerbotn 000000000000859.0000000000859 000000000001436.14000000001 436,14 nordsamisk / bokmål Aust-Finnmark
5632     Båtsfjord Båtsfjord 000000000002113.00000000002 113 000000000001433.21000000001 433,21 nøytral Aust-Finnmark
5605     Sør-Varanger Kirkenes 000000000010063.000000000010 063 000000000003967.50000000003 967,50 bokmål Aust-Finnmark
Totalt     Finnmark Vadsø 000000000075053.000000000075 053 48 617,03 nøytral Nord-Noreg

Klima, planteliv og dyreliv endre

Vardø er einaste bykommune i Noreg som ligg i den arktiske klimasona, det vil seie at snitttemperaturen i den varmaste månaden i året ligg under 10 °C. Resten av kysten vert heller ikkje stort varmare om sumaren, men så syter Golfstraumen for at det ikkje vert så mykje kaldare om vinteren heller. På Finnmarksvidda derimot kan ein oppleve både -40° og ned mot -50 °C på det kaldaste. Noregsrekorden for kulde har Karasjok med 51,4 grader, målt 1. januar 1886. På kysten er vinterstormane dei verste, og stengjer dei fleste vegovergangane i laupet av sesongen.

På vidda er temperaturen (om sumaren) ofte godt over 20 °C.

Planteliv og dyreliv

Myggen er om sumaren kjend blant dei som ferierer der som den største plaga, særleg på vidda.

Samferdsel endre

 
Øksfjord er hamn for Hurtigruta.

E6 går gjennom heile fylket frå Alta i vest til Kirkenes i aust, der den lengste norske europavegtraseen endar strekket heilt frå Svinesund i sør. Ut frå innbyggjartalet har Finnmark eit svært godt vegnett.

Blant fylkesvegane er Fylkesveg 98 (mellom Hammerfest og Tana bru).

Det finst fleire kortbaneflyplassar: Båtsfjord, Berlevåg, Hammerfest, Vadsø, Hasvik, Honningsvåg, Mehamn og Vardø. Større flyplassar finst i Kirkenes, Lakselv og Alta.

Kommunane i indre Finnmark, Karasjok og Kautokeino, har ikkje flyplassar. Hurtigruta går langs heile Finnmarkskysten og snur i Kirkenes.

Politikk endre

Fylkestinget i Finnmark har 35 representantar.

Kjelder endre

  1. Lov om endring i lov 14. august 1918 nr. 1 om forandring av rikets inddelingsnavn (innføring av tospråklig navn på Finnmark fylke, norsk og samisk). lovdata.no. Vitja 8. september 2018.
  2. kvenskestedsnavn.no
  3. Askheim, Svein; Dalfest, Terje; Thorsnæs, Geir (24. mars 2023). «Finnmark – tidligere fylke». Store norske leksikon (på norsk). 
  4. «Landet bindes sammen - Norgeshistorie», www.norgeshistorie.no (på norsk), henta 20. april 2020 
  5. Evakueringa. Dagsavisen. Vitja 2019-10-28
  6. 6,0 6,1 Thorsnæs, Geir; Askheim, Svein (12. juli 2019). «Finnmarks historie». Store norske leksikon (på norsk). 
  7. Alta videregående skole. Store norske leksikon. Vitja 7. juli 2020

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Finnmark fylke