Finnmarkseiendommen

FeFo[1] eller Finnmarkseiendommen (nordsamisk Finnmárkkuopmodat) består av grunneigedommar i Finnmark som inntil 1. juni 2006 var statlege. Eigedommen har eit areal på om lag 44 000 km²; om lag 96 % av landarealet i Finnmark fylke.

Finnmarkseiendommen
Typeforening/lag/innretning
Org.nummer989480731
HovudkontorLakselv
VerkeområdeFinnmark fylke
Tilsette41 (Ukjent) Sjå dette på Wikidata
Nettstadhttps://fefo.no/?sprak=1 Sjå dette på Wikidata

Eigedommane vart overførte frå staten til Finnmarkseiendommen i 2005 ved lovvedtak i Finnmarkslova. Overføringa av eigedomsretten kom i kjølvatnet av det samepolitiske oppgjeret etter Alta-aksjonen.

Finnmarkseiendommen er leidd av eit styre på seks medlemmer; tre er valde av Sametinget, tre er valde av Fylkestinget i Finnmark. Hovudkontoret ligg i Lakselv. Dei viktigaste inntekskjeldene til eigedommen er tomtefeste, sal av grus og mineral, fallrettar og inntekter frå jakt og fiske.

Folk som er busette i ein kommune, har mellom anna rett til innlandsfiske med garn i kommunen, rett til sanking av egg og dun og rett til hogst av lauvskog til ved på Finnmarkseiendommen sitt land i heimkommunen. Dei som er busette i fylket, har mellom anna rett til jakt og fiske med stong og handsnøre, plukking av molter og uttak av trevyrke til husflid på eigedommen.

Namn endre

Forkortinga FeFo kjem frå dei første bokstavane i

  • Finnmarks-
  • eiendommen
  • Finnmárkku-
  • opmodat

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre