Finnmarksvidda er den største vidda eller platået i Noreg med eit areal på 22 000 km². Ho ligg 300-500 meter over havet. Finnmarksvidda dekkjer om lag 36 % av Finnmark fylke. Frå Alta i vest til Varangerhalvøya i aust er lengda over 400 km, og frå nord til sør er ho minst like lang, og platået held fram innover i Finland.

Den austlege delen av Finnmarksvidda (Karasjok og Tana) er den lågaste delena av vidda og elvedalane er berre 100-250 meter over havet.

Vidda inneheld store bjørkeskogar, furumoar, myrer og innsjøar danna av isbrear. Finnmarksvidda ligg nord for polarsirkelen og er mest kjend som samane og reinsdyrflokkane deira sitt landområde. Samane brukte å leve som nomadar og midt på denne tundraen finn ein tilfluktsstader som framleis vert nytta om vinteren av samane som ser ett er reinsdyrflokkane sine.

Del av Finnmarksvidda i Alta; Altadalen i bakgrunnen

Anarjóhka nasjonalpark ligg på Finnmarksvidda. Parken opna i 1976 og har eit areal på 1409 km².

Finnmarksvidda har kontinentalklima og har hatt dei lågaste målte temperaturane i Noreg. Det kaldaste som er målt er -51,4 °C i Karasjok januar 1886. Døgnmiddeltemperaturen for januar og juli i Karasjok er -17,1 °C og 13,1 °C, medan årsmiddelet er -2,4 °C. Den normale årsnedbøren er berre 366 mm.[1] Karasjok har målt temperaturar opp i 32,4 °C i juli, noko som gjev eit mogeleg temperatursprang på 84 °C, noko som er sjeldan å sjå i Europa. Sihčajavri i Kautokeino på Finnmarksvidda har ein årsmiddeltemperatur på -3 °C. Dette er den lågaste middeltemperaturen for fastlandsnoreg (om ein ser bort frå enkelte høge fjellområde), og er sjølv kaldare enn Jan Mayen og Bjørnøya.

Kjelder endre

  1. Normalar for Karasjok., arkivert frå originalen 20. november 2007, henta 6. mai 2008