Finse er ei grend i Ulvik herad i Vestland. Staden ligg ved FinsevatnetHardangervidda og har vakse opp rundt Finse stasjonBergensbanen.

Finse
stad
Finse i januar 2008
Land  Noreg
Fylke Vestland
Kommune Ulvik
Postnummer 5719 FINSE
Preposisjon Finse
Kart
Finse
60°36′N 7°30′E / 60.6°N 7.5°E / 60.6; 7.5
Wikimedia Commons: Finse

Finse er ein turiststad og utgangspunkt for turløypa til mellom anna Geiterygghytta, sykkelturar på Rallarvegen og turrennet Skarverennet.

Det fyrste huset vart sett opp på Finse i 1901 i samband med bygginga av Bergensbanen, og i 1903 opna det fyrste hotellet. Den fyrste innandørs ishallen i Noreg opna på Finse i 1914. På det meste budde det opp mot 200 personar på Finse og staden hadde eigen skule og butikk heilt opp til slutten av 1980-talet. Dei fleste som budde der hadde arbeidet sitt i NSB og då dei kutta ned på arbeidsstokken og drifta utover 1960- og 70-talet førte det til fråflytting. I dag er det berre eit fåtal fastbuande att, og dei er stort sett sysselsette i hotelldrifta.

Fotografi endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Finse