Fiolinsonatar, KV 26-31 av Mozart
Seks sonatar for klaver og fiolin av Wolfgang Amadeus Mozart, K. 26-31, vart komponerte tidleg i 1766 i Haag under danningsreisa til familien Mozart i Europa. Dei vart dediserte til prinsesse Caroline av Nassau-Weilburg i høve 18-årsdagen til bror hennar, prinsen av Oranien.[1] Dei vart publiserte som Mozarts «Opus 4».
Desse verka syner ein framgang i komposisjonsteknikk i forhold til setta frå Paris (KV 6-9) og London (KV 10-15),[1] sjølv om dei hovudsakleg vert dominerte av klaver og fiolinen kan reknast som valfri.
Mozart komponerte alle tre setta medan han reiste i Nordvest-Europa. Desse sonateformene vart ikkje føretrekte i heimebyen Salzburg.[1] Mozart gjekk ikkje attende til denne sjangeren før 1777-78 på ei reise til Mannheim og Paris.
Sonate i Ess, K. 26 endre
- Allegro molto
- Adagio poco andante
- Rondeaux (Allegro)
Sonate i G, K. 27 endre
- Andante poco adagio
- Allegro
Sonate i C, K. 28 endre
- Allegro maestoso
- Allegro grazioso
Sonate i D, K. 29 endre
- Allegro molto
- Menuetto and Trio
Sonate i F, K. 30 endre
- Adagio
- Rondeaux (Tempo di Menuetto)
Sonate i B, K. 31 endre
- Allegro
- Tempo di Menuetto (Moderato)
Kjelder endre
- Denne artikkelen bygger på «Violin Sonatas, KV 26-31 (Mozart)» frå Wikipedia på engelsk, den 29. februar 2012.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ 1,0 1,1 1,2 Sadie, Stanley. Mozart: The Early Years, 1756–1781, p. 94-108, New York: W.W. Norton & Co. (2006) ISBN 0-393-06112-4.
Bakgrunnsstoff endre
- Sonata in Es KV 26: partitur og kritisk rapport (tysk) i Neue Mozart-Ausgabe
- Sonata in G KV 27: partitur og kritisk rapport (tysk) i Neue Mozart-Ausgabe
- Sonata in C KV 28: partitur og kritisk rapport (tysk) i Neue Mozart-Ausgabe
- Sonata in D KV 29: partitur og kritisk rapport (tysk) i Neue Mozart-Ausgabe
- Sonata in F KV 30: partitur og kritisk rapport (tysk) i Neue Mozart-Ausgabe
- Sonata in B KV 31: partitur og kritisk rapport (tysk) i Neue Mozart-Ausgabe
- MozartForum notes on early Mozart compositions