Firth of Forth (skotsk-gælisk Linne Foirthe) er ein firth eller fjord i Nordsjøen i Skottland mellom Fife i nord og West Lothian, City of Edinburgh og East Lothian i sør. Den indre delen av fjorden vert rekna som estuaret til elva Forth. I romartida vart fjorden kalla Bodotria.

Firth of Forth
fjord
Land  Storbritannia
Kart
Firth of Forth
56°10′00″N 2°45′00″W / 56.166666666667°N 2.75°W / 56.166666666667; -2.75
Wikimedia Commons: Firth of Forth
Firth of Forth frå Calton Hill
Forth Bridges kryssar fjorden.
Satellittbilete av fjorden og området rundt
Kart over fjorden
Edinburgh-Fife luftputefartøy
Ro-Pax-ferja «Blue Star 1» går under Forth Bridge i fjorden på veg frå Rosyth til Zeebrugge.

Geografi og økonomi endre

Fjorden vart forma under den siste istida.

I elva kan ein merke tidvatnet heilt opp til Stirling, men generelt vert enden av fjorden rekna for å vere ved Kincardine-brua.

Det ligg mange byar langs kysten, samt eit petrokjemisk industriområde ved Grangemouth, ei kommersiell hamn i Leith, eit tidlegare verft ved Methil som bygde oljeplattformer, skipsopphoggingsverft ved Inverkeithing og eit marineverft ved Rosyth.

Kincardine Bridge, Clackmannshire Bridge og Forth Road Bridge og jerbanebrua Forth Bridge fører trafikk over fjorden.

Det er òg planar om å starte ei luftputebåtrute over fjorden mellom Edinburgh og Kirkcaldy.[1]

Den indre fjorden, mellom bruene Kincardine og Forth, har mista omtrent halvparten av det tidlegare litorale området sitt etter at området vart fylt. Desse områda vert nytta til jordbruk, industri og store oskebasseng med avfall frå kolkraftverket Longannet Power Station nær Kincardine.

Fjorden har status som ein stad av særleg vitskapleg interesse og øyane i fjorden er erklært eit særskilt verneområde med over 90 000 hekkande sjøfugl kvart år. Det er eit fugleobservatorium på Isle of May.

Øyar i Firth of Forth endre

Busetnader langs kysten endre

Kjelder endre

  1. «Plans lodged for Forth hovercraft». Edinburgh Evening News. 7. januar 2010. Henta 12. januar 2010. 

Bakgrunnsstoff endre

56°10′N 2°45′W / 56.167°N 2.750°W / 56.167; -2.750