Fiskestong er ein fiskereiskap laga av ei passe tjukk og lang stong av anten tre, bambus, glasfiber eller anna kunstig materiale som skal syte for at eit snøre med ein ongul (fiskekrok) med naturleg eller kunstig agn kjem ut i vatnet på ein måte som får fisken til å bite på.

Kastestenger med haspelsneller.
Flugestong med flugesnelle.

Den enklaste fiskestonga har ikkje anna funksjon enn å få snøret til å henge ned i vatnet eit lite stykkje frå land eller frå brygga, og kan vere ein naturleg kjepp eller ei bambusstong som det i ytste enden er knytt fast eit passe langt snøre som det er festa ein ongul (fiskekrok) til, egna med til dømes meitemakk eller anna makk dersom det gjeld fiske i ferskvatn, eller til dømes innmat av blåskjel, bitar av fisk, reke eller noko anna dersom fisket går føre seg i sjø eller hav. Ein dupp av kork kan festast til snøret i høveleg fråstand frå ongulen og både syte for at ongulen ikkje heng djupare enn ynskjeleg, og syte for at fiskaren vert varsla ved at duppen rører på seg eller vert drege ned i vatnet dersom fisken bit.

Teleskopstong
Vanlege sneller: 1. flugesnelle, 2. lukka haspelsnelle, 3. (open) haspelsnelle.

Flugestenger, kastestenger og andre stenger endre

Dei vanlegaste fiskestengene no til dags er laga av kunstige materiale som gjer stonga spenstig og lett, men haldbar. Dei kan vere massive eller bygde som røyr, og kan som oftast delast opp i to eller fleire delar når dei skal transporterast. Ein type stenger, såkalla teleskopstenger, er laga slik at dei einskilde delane kan gå inn i kvarandre. I nedre enden er stonga utstyrt med haldarar som det kan setjast fast ei snelle av ei eller anna type i, som snøret går ut frå og skal rullast inn på når fisken vert drege opp, og frå snella og opp til toppen av stonga går snøret gjennom ringar festa til stonga. Både stonga, snella og snøret er vanlegvis spesialisert for den måten som fisket skal gå føre seg på. Det finst soleis særlege stenger laga for flugefiske, det vil seie fiske der kunstige fluger vert kasta ut på vatnet og drege inn att på måtar som freistar fisken til å bite på, kastestenger laga for å kaste ein sluk, onglar med naturleg eller kunstig agn eller liknande langt ut i vatnet, båtstenger som vert festa til båtripa for å dra sluk eller anna kunstig agn etter båten under dorging, pilkestenger til å pilke med, småstenger til isfiske og så bortetter.

Fiskestenger vert fyrst og fremst nytta av sportsfiskarar, det vil seie folk som ikkje har fiske som yrke, men som hobby, tidtrøyte eller matauk.

Litteratur endre

  • Heum, Ingar, Rune Johansen, Yngve Ask, 2005/2011. Sportsfiske fra A-Å : Leksikon. Oslo: Vega Forlag. ISBN 978-82-8211-207-9

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Fiskestong